Cardigan Bay

Koordinatar: 52°28′N 4°09′W / 52.467°N 4.150°W / 52.467; -4.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cardigan Bay
Kart over Cardigan Bay

Cardigan Bay (walisisk Bae Ceredigion) er ei stor bukt i Irskesjøen på vestkysten av Wales, mellom Bardsey Island i Gwynedd og Strumble Head i Pembrokeshire

Det finst mange strender i Cardigan Bay og eit unikt sjøliv (mellom anna delfinar). Frå Ceredigion-stien er det mogeleg å sjå tumlerar og gråsel.

Mykje av kysten rundt bukta er frodig jordbruksland med mange byar og feriestader, som Fishguard, New Quay, Aberaeron, Aberystwyth, Borth, Aberdyfi, Tywyn, Barmouth, Porthmadog og Pwllheli.

Av store elvar som munnar ut i bukta finn ein Afon Glaslyn, Teifi, Rheidol, Dyfi, Aeron, Dysynni og Mawddach.

Fram til tidleg på 1900-talet var det ein sterk maritim industri i Cardigan Bay. Cardigan ligg ved munningen til elva Teifi og var ein gong ein viktigare hamneby enn Cardiff.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°28′N 4°09′W / 52.467°N 4.150°W / 52.467; -4.150