Care of

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Care of eller c/o i ei postadresse syner kven som skal motta posten på vegner av den eigentlege mottakaren og ta vare på posten eller bringe han vidare. Slik adressering vert særleg nytta når mottakaren ikkje har fast adresse, er mellombels utan adresse, er på vitjing hjå nokon, eller bur på ein stad utan fast postombering.