Cares
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Cares | ||
| Utspring | Posada de Valdeón i Dei kantabriske fjella | |
| - Høgd | 1600 moh | |
| Munning | Rio Deva | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 54 km | |
Cares er ei elv nord i Spania, som renn gjennom dei autonome regionane Asturias og León før ho renn saman med Rio Deva og munnar ut i Biscayabukta i Atlanterhavet. Her dannar dei estuaret Tina Mayor som er ei naturleg grense mellom Asturias og Cantabria.
Cares er mest kjend for ei smal og spektakulær kløft som ho dannar gjennom Picos de Europa, ein av dei største geografiske attraksjonane i Asturias. Elva er òg kjend for den rike laksebestanden.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Cares» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.