Carini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carini
by
Land  Italia
Areal 76,6 km²
Folketal 39 773 (1. januar 2023)[1]
Kart
Carini
38°08′00″N 13°11′00″E / 38.133333333333°N 13.183333333333°E / 38.133333333333; 13.183333333333
Wikimedia Commons: Carini

Carini er ein by og ein kommune i provinsen Palermo i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har om lag 37 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 76,6 km². Byen Carini ligg 21 km vestnordvest for provinshovudstaden Palermo.

Næringslivet i kommunen er dominert av landbruk og industri. I seinare år har det vorte satsa på turisme.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ved kysten er ruinar frå oldtidsbyen Hykkara, den einaste kjende busetjinga til sikanarar ved kysten. Staden vart erobra av grekarar frå Aten i 415 f.Kr. under peloponneskrigen. Byen fekk deretter ei gresktalande befolkning og gresk kultur i antikken. Ein av dei som vart fødd her var den vidkjende hetæren Lais som vart seld som slave, men sidan slo seg opp i Korint og Aten.

Ved Villagrazia har vorte avdekt katakombar frå tidleg kristen tid. Hykkara var sete for ein biskop. Ein biskop frå Hykkara deltok i 787 ved det andre konsilet i Nikea. Byen vart i år 1000 lagt øyde av muslimar og deretter bygd opp på ny. Normannarar tok makta over staden kring 1100.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.