Carl-Gustaf Rossby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Carl-Gustav Rossby)
Carl-Gustaf Rossby

Fødd28. desember 1898
Stockholm, Adolf Fredriks församling
Død19. august 1957
Stockholm, Gustav Vasa församling
NasjonalitetSverige, USA
Områdemeteorologi
Yrkemeteorolog, universitetslærar, matematikar, fysikar, oseanograf, kjemikar
InstitusjonarUniversity of Chicago
Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut
Massachusetts Institute of Technology
National Weather Service
Woods Hole Oceanographic Institution
Alma materStockholms universitet
Universitetet i Leipzig
Universitetet i Bergen
DoktorgradsrettleiarErik Ivar Fredholm
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences

Carl-Gustaf Arvid Rossby (fødd 28. desember 1898 i Stockholm, død 19. august 1957 i Stockholm) var ein svensk-amerikansk meteorolog som først forklarte dei storskala rørslene i jordatmosfæren ved hjelp av væskemekanikk.

Rossby kom inn i meteorologi og oseanografi medan han studerte under Vilhelm Bjerknes i Bergensskulen i meteorologi i 1919, der gruppa til Bjerknes utvikla eit konsept for polarfronten og på Universitetet i Leipzig. han studerte òg ved Lindenberg observatorium i Brandenburg der det vart forska på målingar i høgda med drakar og ballongar. I 1921 kom han attende til Stockholm for å arbeide ved SMHI som meteorolog på forskjellige oseanografiske ekspedisjonar. Medan han var heime mellom ekspedisjonane studerte han matematisk fysikk ved Universitetet i Stockholm.

I 1925 fekk Rossby medlemskap i Den svensk-amerikanske stiftinga for å studere «korleis polarfrontteorien påverka amerikansk vêr». I U.S. Weather Bureau i Washington, DC kombinerte han det teoretiske arbeidet på atmosfærisk turbulens med opprettinga av den første vêrtenesta for luftfart.

I 1928 vart han professor i Luftfartsdepartementet i Massachusetts Institute of Technology. Kort tid etter vart dette det første amerikanske meteorologidepartementet. I 1931 vart han òg forskar på Woods Hole Oceanographic Institution. Interessa hans på denne tida varierte frå atmosfærisk termodynamikk, miksing og turbulens og vekselverknaden mellom hav og atmosfære.

I 1938 vart han amerikansk statsborgar og året etter assisterande direktør for forskinga ved U.S. Weather Bureau. Frå 1940 leia han meteorologiavdelinga på University of Chicago der han starta å fokusere på storskala atmosfæriske rørsler. Han identifiserte og karakteriserte både jetstraumen og rossbybølgjer i atmosfæren.

Under den andre verdskrigen organiserte Rossby opplæring av miliære meteorologar, og rekrutterte mange av dei til avdelinga si i Chicago etter krigen. Her starta han den matematiske skildringa av dynamikken i atmosfæren som vart brukt i dei første datamaskinane som vart nytta i vêrvarsling. I 1947 grunnla han det svenske meteorologiske instituttet i Stockholm, og var delvis her, i Chicago og Woods Hole.

Mellom 1954 til han døydde i Stockholm i 1958 utvikla han feltet atmosfærisk kjemi. Bidraga hans til meteorologien vart minna i Time Magazine i 1956 og biletet av han var på framsida av magasinet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]