Carl Albert Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Carl Albert "Flisa" Andersen (15. august 187628. september 1951) var ein norsk friidrettsutaver og turnar. Han deltok i sommar-OL 1900 og 1908, samt ekstraleikane i 1906. Han vert rekna for å vere Noregs første olympiske medaljevinnar då han vart tredje beste i stavsprang under leikane i 1900, med ny nordisk rekord - 3,20 m. Men sidan det i desse leikane berre vart delt ut medalje til dei to fyrste i kvar øving, fekk han aldri eigentleg noko medalje. Det er likevel vanleg å rekne dei som kom på tredjeplass i øvingane under desse leikane som medaljevinnarar i historiske oversikter. Andersen vart òg nr fire i høgdehopp med eit sprang på 1,70 m.

Andersen vart norsk meister både i stavsprang og høgde i 1896, 97 og 1900. I 1906 deltok Andersen på det norske gymnastikklaget som tok lag-gull under jubileumsleikane i Aten. To år seinare var han òg på laget da det norske gymnastikklaget tok sølv i London.

Andersen represente Oslo-klubbane Ørnulf Idrætsforening og Oslo Turnforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P. Chr. Andersen: De olympiske leker gjennom 50 år. Dreyers Forlag, 1945
  • Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Idrettsleksikon. Kunnskapsforlaget, 1990. ISBN 82-573-0408-5
  • Per Jorsett: 100 år med olympiske leker. Hjemmets Bokforlag, 1996. ISBN 82-590-1681-8

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]