Carl Anton Bjerknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Anton Bjerknes
Forskingsmodell av jordkloden, laga av professor Carl Anton Bjerknes. Teknisk Museum, Oslo.

Carl Anton Bjerknes (fødd 24. oktober 1825 i Kristiania, død 20. mars 1903) var ein norsk matematikar og fysikar. Han var far til Vilhelm Bjerknes,

Bjerknes studerte først bergverksdrift ved Universitetet i Oslo, seinare matematikk ved Georg-August-Universität Göttingen og i Paris. I 1866 vart han professor i matematikk ved Universitetet i Oslo, og i 1869 professor i rein matematikk.

Det tidlege arbeidet til Bjerknes var i rein matematikk, men han vart kjend med undersøkingane sine i hydrodynamikk. Studium av arbeida til den store matematikaren Euler hadde alt som ung student gjort han til overtydd motstandar av læra om verknad på avstand. Denne overtydinga vart styrkt under opphaldet i Göttingen. Her vart han gjennom førelesningar av matematikaren Lejeune-Dirichlet ført over på tanken om å studere vekselverknader mellom fleire kuler som flyttar seg samstundes i ei ideell væske Seinare lukkast det han å vise, både teoretisk og eksperimentelt, at ei ideell væske kan overføre kraftverknader på avstand mellom lekamar, såkalla pulserande og oscillerande kuler, i væska. Desse hydrodynamiske fjernkreftene hadde slåande likskap med elektriske og magnetiske fjernkrefter, og Bjerknes meinte at denne likskapen gav nøkkelen til ei djupare forståing av dei elektriske og magnetiske felta. Ved den elektriske verdsutstillinga i Paris i 1881 var Bjerknes invitert til å vise instrumenta og forsøka sine, og fekk den høgaste personlege utmerkinga der, eit æresdiplom.

Bjerknes gav i 1880 ut den første utførlege biografien om Niels Henrik Abel. Ein biografi om Bjerknes sjølv vart gjeven ut av sonen Vilhelm i boka Carl Anton Bjerknes, hans liv og arbeide (1925).

Etter ein forelesning 20. mars 1903 fall Bjerknes saman ved Schweigaardstatuen utanfor Domus Media, råka av hjerneslag og han døydde same dagen.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Carl Anton Bjerknes var son av Abraham Isaksen Bjerknes og Elen Birgitte Holmen og far til Vilhelm Bjerknes. Han var farfar til Jacob «Jack» Bjerknes (1897–1975) og Kristian Bjerknes (1901–81).

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Om de indre tilstande i et inkompressibelt ubegrændset fluidum, hvori en kugle bevæger sig, idet den forandrer volum, i VSK Forh. 1863, s. 13–42
  • Sur les mouvements simultanés de corps sphériques variables dans un fluide indéfini et incompressible. 1. mémoire, i VSK Forh. 1871, s. 327–402
  • Om vore Naturanskuelser og deres Ufuldstændighed, i Nyt norsk Tidsskrift 1, 1877, s. 217–246 og 321–355, ibid. 2, 1877, s. 391–441, ibid. 4, 1878, s. 1–30, 305–355 og 397–457
  • Niels Henrik Abel. En skildring af hans liv og videnskabelige virksomhed, Stockholm 1880 (ny utgåve ved Vilhelm Bjerknes, 1929)
  • Hydrodynamiske Analogier til de statisk elektriske og de magnetiske Kræfter, i Naturen 1880, s. 49–59 og 81–91
  • V. Bjerknes: Vorlesungen über hydrodynamische Fernkräfte nach C. A. Bjerknes' Theorie, 2 bd., Leipzig 1900–02

Kjelder[endre | endre wikiteksten]