Carl Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Dahl
none  Måleri av P. Meidell tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Måleri av P. Meidell tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd 21. august 1769
Sokndal
Død 3. juni 1819 (49 år)
Fredrikshald
Parti Fri/Ukjend
Yrke Sorenskrivar
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Fredrikshald

Carl Adolph Dahl (21. august 17693. juni 1819) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Carl Theodor Dahl var sonen hans.

Dahl var frå Sokndal i Rogaland. Han vart eksaminert jurist i 1791, deretter sorenskrivarfullmektig i Idd og Marker. År 1797 viserådmann i Fredrikshald, 1798-1804 byfut og byskrivar i Tønsberg. Frå 1803 var han byfut og auksjonforvaltar i Fredrikshald, samt sorenskrivar i Idd og Marker. I 1810 vart han i tillegg by- og rådstuskrivar i Fredrikshald.

Dahl var utsending frå Fredrikshald til riksforsamlingaEidsvoll. Han var innvald til Stortinget 1818, men grunna sjukdom møtte han ikkje. Han døydde i Fredrikshald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]