Carl David Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl David Anderson
Carl anderson.1937.jpg
Carl Anderson ved LBNL, 1937
Fødd 3. september 1905
New York City i New York i USA
Død 11. januar 1991 (85 år)
San Marino i California i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar California Institute of Technology
Alma mater California Institute of Technology
Kjend for Discovery of the positron
Discovery of the muon
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1936)
Elliott Cresson-medaljen (1937)

Carl David Anderson (3. september 190511. januar 1991) var ein amerikansk eksperimentell fysikar. Han var fødd i New York City, foreldrene var svenske immigrantar. Han studerte fysikk ved Caltech der han tok ein doktorgrad i 1930.

Under leiing av Robert A. Millikan byrja han å studere kosmisk stråling. Medan han gjorde forsøk med tåkekammer, oppdaga han uventa spor av subatomære partiklar. Frå fotografi av partikkelbanene førsåg han at dette var skapt av partiklar med same masse som elektron, men med motsett elektrisk ladning. Oppdaginga understøtta Paul Dirac sine teoretiske berkningar om at det fanst eit positron. Anderson oppnådde òg eit direkte bevis for at positronet eksisterte ved å sende gammastråler skapt av thoriumkarbid (ThC'') inn i andre materialer, noko som førte til at det vart danna positron-elektron par. Oppdaginga av positronet førte til at Anderson fekk Nobelprisen i fysikk i 1936 saman med Victor Hess.

Same år, i 1936, var Anderson med på å oppdage den subatomære partikkelen muon (i byrjinga òg kalla 'mu-meson') som er 207 gonger tyngre enn elektronet.

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • C.D. Anderson, "The Positive Electron", Phys. Rev. 43, 491 (1933)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]