Carl Eldh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Eldh i verkstaden, ca 1935.
Carl Eldh sitt atelie, Bellevueparken i Stockholm.

Carl Eldh (10. mai 187326. januar 1954) var ein svensk kunstnar og skulptør frå Film i Östhammar i Uppland. Eldh er kjend for å ha uttrykt eit starkt sosialt engasjement gjennom kunsten.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Carl Eldh voks opp med dårlege kår i den vesle bygda Film. Far hans var smed. 19 år gamal påbyrja Carl Eldh si utdaning ved Tekniska skolan i Stockholm. Åra 1896–1903 oppheld seg Eldh i Paris, kor han studerte skulptur ved Académie Colarossi. I Paris arbeidde han mykje med treskurd og dei fyrste verka synte påverknad frå fransk salongskunst og Auguste Rodin. På verdsutstillinga i Paris 1900 representerte Carl Eldh Sverige med skulpturen Oskuld.

Attende frå Paris trefte han Elise Persson og i 1907 vart dottera deira Brita fødd. I 1921 flytta kone og born California. Sjølv blei Carl Eldh verande i Sverige. Etterkvart utvikla Eldh stilen sin i kraftfull realistisk retning. Portrettbysten av kong Oscar II var den fyrste i ei rekkje portrett av si tids fremste svenske kulturpersoner. Etterpå laga han portrettbystar av kunstnarvenene Richard Bergh (1904), Karl Nordström og Bruno Liljefors (1914). Han var òg ven til August Strindberg og laga det svære Strindbergmonumentet i Tegnérlunden i Stockholm. Det vart oppført i 1942.

Andre døme på Eldh sin kunst i offentleg miljø er fontena på Birger Jarlsgatan i Stockholm (1921), skulpturen Löparna attmed Stockholms stadion (oppført i 1937), Engelbrektstatuen i Arboga (1935) og Linnémonumentet i Älmhult i Småland, (1946). Det største arbeidet til Carl Eldh var Brantingmonumentet, etter den sosialdemokratiske partileiaren og statsministeren Hjalmar Branting. Monumentet vart oppført i 1952 på Norra Bantorget i Stockholm. I fyrste halvdel av 1900-talet arbeidde Eldh saman med fleire kjende arkitektar: Ivar Tengbom, Erik Lallerstedt og Ragnar Östberg. Av Östberg fekk Carl Eldh oppdraget å utsmykke parken på sørsida av Stockholms stadshus med skulpturar.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Carl Eldh er gravlagd på kyrkjegarden ved Kyrkhults kyrka i Blekinge. Atelieret hans i Bellevueparken i Stockholm er gjort om til museum.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstiff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Åsa Cavalli-Björkman, Petra Gröminger m.fl. Carl Eldhs Ateljémuseum, ISBN 91-631-7296-8
  • Karl Asplund Carl Eldh, Stockholm 1943