Carl Friedrich Abel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Friedrich Abel måla av Thomas Gainsborough i 1777.

Carl Friedrich Abel (f. 22. desember 1723 i Köthen i Tyskland, d. 20. juni 1787 i London i England) var ein tysk bassgambist og komponist. Han er særleg kjend for sine komposisjonar for gambe (viola da gamba).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Abel var fødd i Köthen som son av ein fiolinist og hoffmusikar der. Det vert sagt at han studerte under Johann Sebastian Bach i St. Thomasschule i Leizig, men dette finst det ikkje noko prov for.

Dresden[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1748 til 1758 var Abel hoffmusikar i Dresden under leiing av A. Hasse.

London[endre | endre wikiteksten]

Abel reiste så til England, der han i 1759 vart utnemnd til kammermusikar for dronning Charlotte. Han heldt ein konsert i London der han spela sine eigne komposisjonar på ulike instrument, inkludert det nyoppfunne instrumentet pentakord. I 1762 kom Johann Christian Bach, den ellevte sonen åt Johann Sebastian Bach, til London, og vennskapen mellom han og Abel førte kring 1764 eller 1765 til iverksetjinga av den vidkjende konsertserien som seinare vart kjend som Bach- og Abel-konsertane. I ti år vart desse konsertane organiserte av den pensjonerte venezianske operasongarinna Mrs. Teresa Cornelys. Mrs. Cornelys sine «routs» og maskeradar i Carlysle House på Soho Square var rekna som høgaste mote. Frå 1775 stod ho ikkje lenger ansvarleg for denne konsertserien som da fortsette utan henne. Da J. C. Bach døydde i 1782 fortsette Abel konsertserien utan suksess i eit års tid. Franz Joseph Haydn sin musikk vart først framført i England på desse konsertane.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Etter at konsertserien gjekk under, reiste Abel attende til Tyskland, men greidde ikkje å etablere seg att der og reiste difor til London att. Der var han framleis mykje etterspurd som musikar på ulike nye og gamle instrument, men han tok å drikke og framskunda truleg med det enden sin. Carl Friedrich Abel døydde under arme kår i London den 20. juni 1787.

Abel var den siste viktige gambespelaren på 1700-talet, og med han forsvann gamben frå orkestermusikken, og snart òg som soloinstrument.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Abel skreiv mykje instrumentalmusikk — mellom anna symfoniar, ouvertyrar, konsertar, sonatar og soloverk — og er særleg kjend for gambekomposisjonane sine. Stilistisk sett er Abels musikk tidleg klassisistisk, med tydeleg symmetrisk oppbyggjing og mykje bruka av satsforma menuett.

Blant verka hans kan nemnast:

  • Kleine Sinfonie, F-dur
  • Sonate nr. 1 for obo og klaver, C-Dur
  • Sonate nr. 2 for obo og klaver, F-Dur
  • Sonate nr. 3 for obo og klaver, D-Dur
  • Sonate nr. 4 for obo og klaver, B-Dur
  • Sonate for gambe solo, C-dur
  • Sonate for gambe solo, d-moll