Carl Heinrich Graun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Heinrich Graun
Carl Heinrich Graun.jpg
Carl Heinrich Graun
Fødd 7. mai 1704, Wahrenbrück i Tyskland
Død 8. august 1759 (55 år), Berlin i Tyskland
Periode Klassisismen
Sjanger Opera
Yrke Komponist

Carl Heinrich Graun (7. mai 17048. august 1759) var ein tysk komponist og tenorsongar. I lag med Johann Adolf Hasse vert han rekna for å vere den viktigaste tyske komponisten av italiensk opera i si tid.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Graun vart fødd i Wahrenbrück i Brandenburg. Han song i koret i operaen i Dresden før han flytta til Braunschweig, song der og skreiv seks operaer for selskapet. I 1735 flytta Graun til Rheinsberg, etter han hadde skrive ein opera for kronprinsen då han gifta seg med Elisabeth Christine i Salzdahlum. Han var kapellmeister for Fredrik II av Preussen (Fredrik den store) frå Fredrik tok over trona i 1740 og fram til Graun døydde nitten år seinare i Berlin.

Graun skreiv fleire operaer, Hans opera Cesare e Cleopatra innvia opninga av operahuset i Berlin i 1742. Andre, som Montezuma (1755), hadde libretto av kong Fredrik. Ingen av verka hans vert mykje spelte i dag, men pasjonen hans, Der Tod Jesu (1755) vart spelt ein del i Tyskland i mange år etter han døydde. Av andre verk han skreiv finn ein solokonsertar og triosonatar.

Carl Heinrich Graun var bror til Johann Gottlieb Graun, som òg var komponist.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Sceneverk[endre | endre wikiteksten]

  • Polydorus (5 akter, 1726-28)
  • Iphigenia in Aulis (3 akter 1728)
  • Scipio Africanus (3 akter, 1732)
  • Lo specchio della fedeltà (3 akter, 1733)
  • Pharao Tubaetes (5 akter, 1735)
  • Rodelinda, regina de' langobardi (3 akter, 1741)
  • Cesare e Cleopatra (3 akter, 1742)
  • Artaserse, libretto av Metastasio (3 akter, 1743)
  • Catone in Utica, libretto av Metastasio (3 akter, 1743)
  • Alessandro e Poro, libretto av Metastasio (3 akter, 1744)
  • Lucio Papirio (3 akter, 1744)
  • Adriano in Siria, libretto av Metastasio (3 akter, 1746)
  • Demofoonte, libretto av Metastasio (3 akter, 1746)
  • Cajo Fabricio (3 akter, 1746)
  • Le feste galanti (1747)
  • Cinna (3 akter, 1748)
  • L'Europa galante (1748)
  • Ifigenia in Aulide (3 akter, 1748)
  • Angelica e Medoro (3 akter, 1749)
  • Coriolano (3 akter, 1749)
  • Fetonte (3 akter, 1750)
  • Il Mithridate (3 akter, 1751)
  • L’Armida (3 akter, 1751)
  • Britannico (3 akter, 1751)
  • L'Orfeo (3 akter, 1752)
  • Il giudizio di Paride (1 akt, 1752)
  • Silla (3 akter, 1753)
  • Semiramide (3 akter, 1754)
  • Montezuma (3 akter, 1755)
  • Ezio, libretto av Metastasio (1755)
  • I fratelli nemici (3 akter, 1756)
  • La Merope (3 akter, 1756)

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Te Deum
  • Der Tod Jesu (1755)
  • Oratorium in Festum Nativitatis Christi
  • Osteroratorium
  • Seks italienske kantatar
  • Solokonsert for horn, strykarar og cembalo i D-dur
  • Sinfonia i C-dur
  • Gambekonsert

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • John W. Grubbs (1972): The Sacred Choral Music of the Graun Brothers

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]