Carl Heinrich von Wedel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Carl Heinrich von Wedel (fødd 12. juli 1712 i Göritz, død 2. april 1782 same stad) var ein prøyssisk generalløytnant og krigsminister.

Han høyrte til den pommerske uradelsslekta Wedel. Faren Georg Wilhelm var landråd i Uckermark, overrettsdirektør og arveherre på Göritz.

Femten år gammal tredde han inn i hæren og vart i 1735 forfremma til sekondløytnant. Kort etter at han vart krona gjorde Fredrik den store han i 1740 til kaptein og kompanisjef.

Wedel deltok i både den første og den andre schlesiske krigen og vart 1743 forfremma til major.

I 1747 vart Wedel gift med Friederike Auguste von Broecker. Ekteparet fekk fire døtrer og ein son.

Han vart forfremma til oberstløytnant i 1751 og mottok året etter Pour le Mérite. Kongen forfremma han til oberst i 1755.

I 1756 førte han regimentet sitt i sjuårskrigen og deltok i trefningar ved Praha 6. mai 1757. Han vart utnemnt til regimentkommandør seks dagar seinare. Under slaget ved Leuthen spelte regimentet hans ei nøkkelrolle og utmerkte seg i slik grad at fjorten personar i regimentet fekk Pour le Mérite.

I januar 1758 overtok Wedel infanteriregiment nr. 29 og tre veker seinare kom han tilbake til det gamle regimentet sitt. Om våren vart han knytt til omleiringskorpset ved Olmütz. Han slo tilbake åtaket til Laudon ved Littau 20. juni og ved Gundersdorf 28. juni. I september fekk han kommandoen over eit korps for å frigje Uckermark frå svenskane. Ved slutten av året var han tilsett for utskriving av rekrutter og inndriving av pengar og hestar i Zerbst, Bernburg og Dessau.

Fredrik den Store forfremma Wedel 22. februar 1759 til generalløytnant og i juli fekk han kommandoen over Dehna-korpset. Etter ordre frå kongen gjekk han til åtak på den overlegne russiske styrken i slaget ved Kay og leid nederlag. Under slaget ved Kunersdorf vart han alvorleg såra. Av helseårsaker vart han i 1760 tvunge til ein lengre ferie.

Etter minister von Katte døydde gav kongen han ansvaret for hærforvaltinga. Den 27. januar 1761 vart Wedel utnemnt til den første krigsministeren i Preussen med ansvar for magasin- og proviantvesen, marsj- og innkvarteringssaker og militærvaisenhus. Han tok avskjed den 4. september 1779.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]