Carl Jóhan Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Jóhan Jensen

Carl Jóhan Jensen (fødd 2. desember 1957) er ein færøysk forfattar, litteraturkritikar og omsetjar.

Jensen er fødd og oppvaksen i Tórshavn. Etter å ha gått grunnskule og realskule i Tórshavn reiste han i 1973 til Danmark for å ta vidare utdanning. I 1976 tok han artium og flytte heimatt til Færøyane. Der arbeidde han som journalist før han studerte færøysk språk og litteratur på Universitetet på Færøyane. Etter eksamen i 1981 fortsette han studia på Island der han studerte ålmenn litteraturvitskap og islandsk fram til 1987. Han vart cand. phil i 1990. På 1990-talet budde han og familien fleire år i Tromsø, der kona hans arbeidde som generalsekretær i The North Atlantic Marine Mammal Commission.

Han var leiar for den færøyske forfattarforeininga, Rithøvundafelag Føroya, 19911992. Jensen var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 1991, 1998, 2007 og 2008.

Romanen Ó - Søgur um djevulskap kom i 2010 ut i norsk omsetjing som U- Historier om djevelskap utgjeven av det Det norske samlaget.[1]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 – Skríggj
  • 1990 – Hvørkiskyn
  • 1995 – Rúm
  • 1997 – Tímar og rek
  • 2000 – Mentir og mentaskapur
  • 2005 – Ó - Søgur um djevulskap
  • 2006 – September í bjørkum sum kanska eru bláar

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]