Carl Julius Evensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Carl Julius Evensen (18521937) var ein norsk ishavsskipper og oppdagar.

Han var fødd i 1851 i Sandefjord. Han utforska Antarktis i lag med mellom andre Carl Anton Larsen, og i 1893 nådde han Den antarktiske halvøya med dampbarken «Hertha» ved 69° 10ʹ sørleg breidde. Reisene til Evensen og Larsen var medverkande til å vekke interessa for utforskinga av Antarktis.[1] Mellom anna oppdaga han truleg Hugo Island.

Han har fått Cape Evensen og Evensen nunatak i Antarktis kalla opp etter seg.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Carl Julius Evensen var gift med Severine Marie Jensen i 1879. Karl var skippar og budde i Oslo og Sandefjord. Carl og Severine fekk åtte barn i alt, og dei fleste emigrerte til USA.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henriksen, Petter, ed (2007). «Carl Julius Evensen» (på Norwegian). Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. 
  2. «Karl Julius Evensen». Ancestry. http://boards.ancestry.com/surnames.evensen/33/mb.ashx. Henta 11 July 2012.