Carl Michael Bellman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Krafft: Carl Michael Bellman, 1779

Carl Michael Bellman (15. februar 174011. februar 1795) var ein svensk skald, fødd og død i Stockholm. Hans mest kjende verk er diktsyklusane Fredmans epistlar og Fredmans sånger.

Bellman vert rekna som ein av Sveriges nasjonaldiktarar. Diktinga hans har vore svært viktig for seinare svensk litteratur, innverknaden hans har vore jamført med den rolla William Shakespeare spela på engelskspråkleg litteratur..[1]

Bellman sin litterære produksjon er både rik og variert; den omfattar mellom anna dikt, viser, ordensparodiar og salmar. Mellom figurane i songane hans finn ein urmakaren Fredman, musikaren Movitz, korporal Mollberg og den prostituerate Ulla Winblad, men òg gestaltar henta frå den bibelske, greske, romerske og norrøne mytologien. Melodiane i songane lånte han, til liks med andre songforfattarar, ofte frå samtidige musikkstykke.

Kjelder og notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hägg (1996), sidan 149.