Carl Michelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Michelet

Carl Johan Michelet (25. juli 182630. januar 1902) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar, medlem av Høgre.

Michelet var fødd på Blaker skanse i Aurskog, der faren hans var offiser. Sjølv vart han student 1843 og tok juridisk embetseksamen 1849. Sidan var han i sju år advokatfullmektig, før han frå 1856 var overrettssakførar i Kristiania. Han var politimeister i Kristiania 1863-70, gjekk av etter ein strid med stiftamtmann Arntzen. Politimeister på ny 1877-82. I 1882 vart han utnemnd til amtmann for Jarlsberg og Larviks amt, eit embete han styrte til han døydde.

Michelet var med i formannskapet i Kristiania frå 1862, ordførar 1866-68. Sidan var han medlem av bystyret fram til 1882. Han var medlem av dei kongelege kommisjonar om politiet i Kristiania 1864, og to år seinare om dei kommunale oppgåvene i hovudstaden.

Michelet var stortingsmann for Jarlsberg og Larvik amt i 1886-91 og 1895-1901. I si fyrste periode, 1886-88, var han medlem av konstitusjonskomiteen, 1888 formann. Han var formann i landbrukskomiteen 1891-93 og i næringskomiteen frå 1895 til 1901. Perioden 1895-97 var han elles medlem av Lagtinget, medlem av valkomiteen 1895-1901. Grunna sjukdom var han permittert frå Stortinget frå 12. april 1898 og resten av valperioden. Han møtte på ny i 1901, vart atter permittert den 20. november.

Michelet vart tildelt ei rekke ordenar, mellom anna storkors av St. Olavs Orden i 1901. Han døydde vinteren 1902 i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Johnsen, Oscar Albert: Sem og Slagen. En bygdebok, Tønsberg, 1945–48

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • S. H. Finne-Grønn: Slegten Michelet. 1919