Carl Nielsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Nielsen (9. juni 1865–3. oktober 1931), fødd i Nørre Lyndelse, var ein dansk komponist og dirigent.
Carl Nielsens barndomsheim i Nørre Lyndelse.
Han voks opp på Fyn, i nærleiken av Odense. Faren var gardsarbeidar, men tente litt ekstra som landsbymusikant. Han lærte barna sine å spele fiolin. Her viste Carl Nielsen sitt store talent seg. Han fekk plass som trombonist i eit militærorkester. Her lærte han å spele på ei rekkje instrument, og blei forfremja til korporal. Dette opna sjansane for ein friplass på musikkonservatoriet. Som komponist er Carl Nielsen blitt karakterisert som Norden sitt største musikktalent i si tid. Han skreiv alt frå enkle melodiar til symfoniar og operaer. Carl Nielsen sitt portrett pryder dei danske 100-kronersedlane.
Innhaldsliste |
Verk [endre]
Orkesterverk [endre]
- Symfoni nr 1 (1891-92)
- Symfoni nr 2 - De fire Temperamenter (1901-02)
- Symfoni nr 3 - Sinfonia Espansiva (1910-11)
- Violinkonsert (1911)
- Symfoni nr 4 - Det Uudslukkelige (1914-16)
- Symfoni nr 5 (1920-1922)
- Symfoni nr 6 - Sinfonia Semplice (1924-25)
- Klarinettkonsert (1928)
Kammermusikk [endre]
- Blåsekvintett (1922)
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Carl Nielsen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008.