Carl Olof Rosenius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
C.O. Rosenius

Carl Olof Rosenius (3. februar 181624. februar 1868) var ein svensk lekpredikant.

Han vart fødd på Nysätra prestegard i Västerbotten, der far hans var prest. Far hans høyrde til dei såkalla «nylesarane», som var komne til andeleg frigjering under vekkinga som gjekk over Norrland omkring 1800. Carl Olof studerte sjølv til prest i Uppsala frå 1838. Her vart han knytt til metodistpresten George Scott.

Rosenius redigerte i forkynningsbladet Pietisten, som Scott hadde starta. Bladet skifta sidan namn til Budbäraren. Sidan arbeidde han i Evangeliska Fosterlandsstiftelsen, som vart stifta i 1856. Rosenius fekk, som vekkingspredikant, stor innverknad på svensk kristenliv.

Rosenius var òg andaktsbokforfattar og salmediktar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]