Carl Otto Løvenskiold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Otto Løvenskiold.

Carl Otto Løvenskiold (23. desember 18391. oktober 1916) var ein norsk marineoffiser, gods- og verkseigar og politikar, fødd i Christiania. Han var i 1884 Noregs statsminister i Stockholm. Severin Løvenskiold og Herman Wedel Jarlsberg var bestefedrene hans.

Løvenskiold reiste i unge år til sjøs. Eksamen frå sjøkadettakademiet 1858, året etter vart han sekondløytnant i marinen. Han tenestegjorde i marinen til 1875. Fem år tidlegare hadde han vorte trekt inn i drifta av Løvenskiold-godset, tok etter kvart over leiinga etter far sin. 1881 fekk han bygt patrisiarhuset Vækerø i Ullern i dåverande Aker, budde der sidan.

Frå 1882 var Løvenskiold i fleire år medlem av heradsstyre og formannskap i Aker. Han var ei tid preses i Selskabet for Norges Vel.

Våren 1884 vart Løvenskiold utnemnd til statsminister i Stockholm i det kortliva «aprilministeriet», leia av Christian Schweigaard. Ved stortingsvalet 1885 vart han vald til 4. representant for Jarlsberg og Larvik amt, valet vart forkasta med 72 røyster mot 35.

Seinare var Løvenskiold stortingsrepresentant i tre periodar 1888-97 for Høgre, vald frå Akershus. Han var heile tida medlem av Lagtinget, samt 1889-91 medlem av konstitusjonskomiteen og 1892-97 av landbrukskomiteen. Frå 8. mai 1896 var han grunna sjukdom permittert ut sesjonen.

Løvenskiold vart i 1889 utnemnd til riddar av St. Olavs orden, forfremja til kommandør i 1899 og tildelt storkors i 1912 «for almennyttig virksomhed». Han bar også storkors av den svenske Vasaordenen.

Han døydde på eigedomen sin i 1916.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl Otto Løvenskiold