Carl Paul Caspari
Carl Paul Caspari (18. februar 1814–11. april 1892) fødd i Dessau, Tyskland, var ein tysk-norsk teolog og professor ved Universitetet i Oslo.
Caspari hadde jødiske foreldre og voks opp med hebraisk språk og jødisk teologi. I studietiden vart han påverka av Franz Delitzsch og konverterte til kristendommen i 1838.
I 1846 vart han kjend med Gisle Johnson, som oppfordra han til å søkje på eit ledig lektorat i teologi ved Universitetet i Oslo. Denne stillinga fekk han i 1847 og vart fast tilsett i 1848. Han vart teologiprofessor i 1859.
I 1862 gav han saman med Gisle Johnson ut ei norsk oversetjing av Konkordieboka, som kom i nytt opplag i 1866, og seinare i fleire opptrykk.
Caspari var eit stort språkleg talent. Han verka ikkje som forkynnar, men brukte kreftene sine i polemikk mot den delen av grundtvigianismen som meinte trusvedkjenninga var eldre enn Det nye testamentet. Caspari arbeida ivrig for å halde på det lutherske skriftprinsippet. Mange av publikasjonane hans finst i «Theologisk Tidsskrift» i perioden 1858-1881.
I Oslo er Casparis gate oppkalla etter Carl Paul Caspari, den er på Ila og fekk namnet sitt i 1901 og går frå Akersbakken til Waldemar Thranes gate.
Nokre verker[endre]
- Grammatica Arabica, del 1 og 2 (1844, 1848)
- Abrahams prøvelse (1871)
- Abrahams kaldelse (1872)
- Populære foredrag over bogen Daniel (1877)
- Den gammeltestamentlige skrifts historie (1881)
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Carl Paul Caspari» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2008.