Carl R. Eklund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl R. Eklund

Fødd27. januar 1909
Tomahawk
Død3. november 1962
Philadelphia
NasjonalitetUSA
Yrkeoppdagar, zoolog, ornitolog, geolog, geograf
Alma materCarleton College
University of Wisconsin–Madison

Carl R. Eklund (27. januar 19093. november 1971) var ein amerikansk spesialist i ornitologi og geografisk utforsking av både nordlege og sørlege polarområde.

Frå 1939-1941 tente han som ornitolog ved East Base i U.S. Antarctic Service. Dette var den første moderne amerikanske statsstøtta ekspedisjonen til Antarktis, og den tredje ekspedisjonen som kontreadmiral Richard E. Byrd kommanderte i Antarktis. I tillegg til å samle inn dyr for staten gjennomførte Eklund ei av dei lengste hundesledeturane i Antarktis nokon gong, i lag med norskamerikanaren Finn Rønne. Øyane som vart oppdaga ved vendepunktet for denne reisa vart kalla Eklund Islands.

Han vart utpeikt som den første vitskaplege leiaren ved Wilkes Station i Antarktis.

Han tok doktorgraden i zoologi og geografi ved University of Maryland, og hadde batchelorgrad frå Carlton College.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]