Carl Sandburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Sandburg i 1955

Carl August Sandburg (6. januar 187822. juli 1967) var ein amerikansk historikar, folklorist og framfor alt forfattar som skreiv dikt, biografiar og barnebøker. Sandburg vann fleire Pulitzer-prisar, og er kjend for å ha forstått og skildra amerikansk samfunn og «det amerikanske sinnet».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Carl Sandburg, som også kalla seg Charles, budde mesteparten av livet sitt i Midtvesten, særleg Chicago. Han var fødd i Galesburg i Illinois av svensk-amerikanske foreldre, jarnbanearbeidaren August Johnson (seinare Sandburg) og Clara, fødd Anderson. Han hadde seks søsken. Carl avslutta skulegangen som trettenåring og loffa ei tid rundt med jarnbanen og tok ulike strøjobbar. Inntrykk frå denne tida skulle seinare visa seg i diktinga hans, gjennom bruk av folkelege vendingar og ein framtredande plass for tog og arbeidsfolk.

Under den spansk-amerikanske krigen i 1898 verva Sandburg seg til 6th Illinois Infantry og var stasjonert i Guantánamo-bukta på Cuba og Guánica i Puerto Rico, utan å delta i aktiv krigføring. Sandburg byrja ved militærakademiet ved West Point, men klarte ikkje opptakseksamenen. Tilbake i Galesburg gjekk han inn ved Lombard College, der han deltok aktivt i studentlivet og jobba ved sidan av. Sandburg forlét høgskulen utan å ha oppnådd ei grad i 1902, men heldt kontakten med professoren og pådrivaren Philip Green Wright, som hjelpte han til å gje ut dei første dikta sine.

Grand Crossing, jarnbanekross i Chicago, i 1892.

Sandburg flytta til Milwaukee i Wisconsin der han blei med i Social Democratic Party og arbeidde som sekretær for Emil Seidel, den første sosialistiske ordføraren i USA, og var aktiv i valkampen for den sosialistiske presidentkandidaten Eugene V. Debs i 1908. I Chicago møtte Sandburg akademikaren og sosialisten Lilian Paula Steichen, søster av Edward Steichen, som skulle oppmuntra skrivinga hans og vera med han livet ut. Dei to gifta seg i 1908, og fekk tre døtrer.

Familien flytta til Harbert i Michigan og deretter til utkanten av Chicago. Her verka Sandburg først som redaktør for tidsskriftet System og seinare som journalist for Chicago Daily News. I 1919 drog Sandburg til Stockholm for å dekka første verdskrigen, og blei på veg tilbake teken for smugling av pengar og revolusjonære skrifter.

Frå 1919 til 1930 budde familien Sandburg i Elmhurst i Illinois. Etter at Sandburg trekte seg tilbake i 1946 flytta han til garden Connemara i Flat Rock i Nord-Carolina. Her døydde han i 1967.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Come and show me another city with lifted head singing

so proud to be alive and coarse and strong and cunning.
«Chicago», 1914

Sandburg gav ut dei første dikta sine i eit lite hefte i 1904, men blei først kjend for ein vidare lesarkrets i 1914, då tidsskriftet Poetry trykte fleire av dei korte dikta hans. Blant dei var «Chicago», som med sine frie vers og bruk av daglegtale skapte ordskifte og gjorde Sandburg kjend som leiaren av ei ny litterær rørsle i Chicago. Sandburg rekna Walt Whitman, William Shakespeare, Joaquin Miller og Rudyard Kipling som viktige tidlege inspirasjonsskjelder, samstundes som han også var ein stor tilhengjar av den samtidige Jack London.

Sandburg sine dikt skildra det amerikanske arbeidarsamfunnet han kjende med realistiske trekk, men også med fantasi og trekk frå folkelitteratur og -historie, noko ein også kan sjå mykje av i dikta og barnebøkene hans, der han mellom anna fortalde om folkehelten Paul Bunyan. I tillegg til å skriva eigne dikt og bøker gav Sandburg også ut samlingar av amerikanske folkesongar og balladar.

Sandburg skreiv både om historie og samtid, i både skjønnlitteratur og sakprosaform. I 1919 dekka han dei veksande motsetjingane mellom folkegrupper som skulle slå ut som raseopptøya i Chicago. Han skreiv fleire bøker om Abraham og Mary Lincoln. I verket om den unge Lincoln brukte han særleg Ida Tarbell sine nedteikningar av munnleg historie frå folk som hadde kjend presidenten som ung mann, og blei skulda for å vera meir interessert i myta enn mannen. Oppfølgaren om Lincoln under den amerikanske borgarkrigen var derimot rekna som ein grundig historisk gjennomgang av primærkjelder, og fekk Pulitzerprisen i 1940.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Garden Connemara der Sandburg levde dei siste åra av livet sitt er omgjort til museumsstad, Carl Sandburg Home National Historic Site. Carl Sandburg har fått fleire skular oppkalla etter seg, og eit byfornyingsprosjekt i Chicago på 1960-talet fekk namnet Carl Sandburg Village.

På hundreårsdagen for fødselen hans, 6. januar 1978, gav postverket i USA ut eit frimerke til minne om Sandburg, med ein profil av diktaren og signaturen hans.

I 2006 blei eit Amtrak-tog på strekninga Chicago til Quincy (som går gjennom fødebyen Galesburg) kalla opp etter Carl Sandburg.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(Ufullstendig)

  • Chicago Poems (1916), dikt
  • Cornhuskers (1918), dikt, vann «special Pulitzer award» i 1919
  • The Chicago Race Riots (1919), sakprosa
  • Rootabaga Stories (1922), barnebok
  • Rootabaga Pigeons (1923), barnebok
  • The American Songbag (1927), folkesongsamling
  • Good Morning, America (1928), dikt
  • Rootabaga Country (1929), barnebok
  • Potato Face (1930), barnebok
  • The People, Yes (1936), dikt
  • Abraham Lincoln: The Prairie Years (1926), biografi, vann Pulitzerprisen i historie
  • Steichen the Photographer (1929), biografi
  • Mary Lincoln: Wife and Widow (1932), biografi
  • Abraham Lincoln: The War Years (1939), biografi
  • Remembrance Rock (1948), historisk roman
  • Always the Young Strangers (1953), sjølvbiografi
  • The Complete Poems of Carl Sandburg, (1950) vann Pulitzerprisen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Carl Sandburg» frå Wikipedia på bokmål og «Carl Sandburg» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2008.
  • "Sandburg, Carl" The Concise Oxford Companion to American Literature. James D. Hart. Oxford University Press, 1986. Oxford Reference Online, 5. august 2008
  • "Sandburg, Carl." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online, 5. aug. 2008
  • Robert M. Dowling "Sandburg, Carl" The Oxford Encyclopedia of American Literature. Jay Parini. Oxford University Press 2004. Oxford Reference Online, 5. august 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Carl Sandburg ved Wikisource.

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Carl Sandburg