Carl Stamitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Stamitz

Carl Stamitz 1789
Fødd8. mai 1745
FødestadMannheim i Tyskland
Død9. november 1801 (56 år)
DødsstadJena i Tyskland
OpphavTyskland
PeriodeWienerklassismen
SjangerKammermusikk, concerto
Verka somKomponist
FarJan Václav Stamic

Karl Philipp Stamitz (tsjekkisk Karel Stamic) (8. mai 17459. november 1801), som seinare endra namnet sitt til Carl, var ein tysk komponist av delvis tjskkisk opphav (mora var tysk). Han var ein virtuos på fiolin, bratsj og viola d'amore virtuoso. Han var den fremste representanten for den andre generasjonen av den såkalla Mannheimskulen.

Han var den første komponisten som spesifiserte ein venstrehands pizzicato (ein viktig virtuos teknikk) i ein komposisjon.[1] Dette skjer i den kjende Bratsjkonserten i D-dur, der passasjane det er snakk om er merkte med ein «0» over notane. Dette skjedde tiår før Paganini gjorde det same med ein «X» over notane.

Som ein god komponist med ulasteleg musikalsk herkomst og trening, vert han særleg hugs for dei melodiøse klarinett- og bratsjkonsertane som framleis vert framførte i dag. Sjølv om han var ein talentfull og produktiv komponist, klarte han aldri å få ei stilling hos ein av dei store fyrstane eller orkestera på den tida. Han døydde i fattigdom som musikklærar i ein liten by. Dei siste leveåra vende han seg mot alkymi for å prøve å lage gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Carl Stamitz» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2012.
  • Blume, Friedrich, Hrsg. Die Musik in Geschichte und Gegenwart. Allgemeine Enzyklopädie der Musik. Ungekürzte elektronische Ausgabe der ersten Auflage. Kassel: Bärenreiter, 1949-1987.
  • Randel, Don Michael, ed. The Harvard Biographical Dictionary of Music. Cambridge, Massachusetts: The Belknap Press of Harvard University Press, 1996.
  • Slonimsky, Nicolas, ed. Baker's Biographical Dictionary of Musicians. 5th Completely Revised Edition. New York, 1958.
  • Walther Killy, Rudolf Vierhaus, Hrsg. (ed.) Deutsche Biographische Enzyklopäde (German Biographic Encyclopaedia). Bd. (Vol.) 5. K-G. 10 Bde. (Vols.) Munich: KG Saur, 1999. ISBN 3598231865
  • Würtz, Roland, Hrsg. (ed.) Mannheim und Italien - Zur Vorgeschichte der Mannheimer. Mainz: Schott, 1984. ISBN 3795713269
  1. Eduard Melkus: Italienische Merkmale in der Mannheimer Violintechnik., s. 200-207 in: (Würtz, 1984)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]