Carl Størmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Størmer

FøddFredrik Carl Mülertz Størmer
3. september 1874
Skien kommune
Død13. august 1957
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdetalteori, polarlys
Yrkematematikar, fysikar, astronom, universitetslærar, botanikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Paris
Universitetet i Oslo
Universitetet i Göttingen
BarnLeif Størmer, Per Størmer
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Royal Society
Det franske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet

Fredrik Carl Mülertz Størmer (fødd 3. september 1874 i Skien, død 13. august 1957) var ein norsk matematikar, geofysikar og nordlysforskar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Størmer vart utdanna cand.real. i 1898 og vart universitetsstipendiat i 1899. Han studerte matematikk ikkje berre ved Det Kongelege Fredriks Universitet i Kristiania, men òg ved Sorbonne i Paris (rettleiarar var Charles Émile Picard, Henri Poincaré, Paul Painlevé og andre) frå 1899 til 1900 og i Göttingen i Tyskland frå 1902.

Carl Størmer og assistenten Bernt Johannes Birkeland tar bilete av nordlyset i Alta

Han vart professor i matematikk ved Det Kongelege Fredriks Universitet frå 1903, ei stilling han hadde fram til 1946. Størmer arbeidde ein periode som assistenten til Kristian Birkeland, og nordlysforsking opptok det meste av den vitskaplege karrieren hans. Han utvikla i 1909 saman med Ole Krogness eit spesielt kamera for å fotografere nordlyset.

Han vart gift med Adelaide (Ada) Clauson i 1900. Dei hadde fem born. To av dei – Leif og Per – vart seinare professorar ved Universitetet i Oslo; høvesvis som paleontolog/geolog og matematikar.

Størmer var aktiv amatørfotograf som tok mange fotografi av menneske på Karl Johans gate i hovudstaden i 1890-åra. Mange av bileta er av særs stor historisk interesse. Han arrangerte eigne fotoutstillingar i byen. Han nytta skjult kamera under jakka.

Vitskapleg produksjon[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av dei matematiske arbeida hans handlar om talteori og funksjonsteori. Arbeidet sitt innan geofysikk delte han sjølv opp i følgjande hovudgrupper:

  • Teoretisk arbeid om partikkeltrajektoriar: 52 bidrag,
  • Nordlysobservasjonar: 70 avhandlingar,
  • Solbelyst nordlys: 7 avhandlingar
  • Nattlysande skyer og perlemorskyer: 12 avhandlingar,
  • Meteorhalar, lange ekko, avhandlingar om sola: 9 avhandlingar.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Fra verdensrommets dybder til atomens indre, 1923
  • On the Trajectories of Electric Particles in the Field of a Magnetic Dipole with Application to the Theory of Cosmic Radiation, seks delar, 1934–37
  • The Polar Aurora, Oxford, 1955

Film[endre | endre wikiteksten]

  • Evald Otterstad (regi): Carl Størmer og hans detektivkamera, Norge, 2008, 20 minutt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]