Carl Zeiss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Zeiss

Carl Zeiss (fødd 11. september 1816 i Weimar i Sachsen-Weimar-Eisenach, død 3. desember 1888 i Jena i Sachsen-Weimar-Eisenach i Tyskland) var ein tysk finmekanikar og optikar. Han grunnla selskapet Carl Zeiss i byen Jena i 1846. Selskapet utvikla seg tidleg til eitt av verdas store optikkmakarar og er det framleis.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Carl Zeiss var det femte av tolv born og av desse syskena nådde tre systrer og to brør vaksen alder. Mor hans, Johanna Antoinette Friedericke (1786-1856) var dotter til hoffadvokat og byfut Johann Heinrich Schmith frå Buttstädt, ein landsby nordom Weimar. Faren, Johann Gottfried August Zeiss (1785-1849), kom frå Rastenberg.

Broren til Johann vart verande i Buttstädt og tok over farens verkstad, medan August Zeiss flytta til Weimar, som då var hovudstad i storhertugdømet Sachsen-Weimar-Eisenach. Her vart han ein høgt ansedd kunstdreiar (tysk Kunstdrechslermeister) som laga luksusvarer til dei rike av perlemor, rav, filsbein og andre råvarer med hjelp av nye slag maskiner. Slik vart han kjent med den komande storhertugen Carl Friedrich (Sachsen-Weimar-Eisenach) (1783-1853). Då sonen i familien vart fødd 11. september 1816, tok arveprinsen fadderskapen, og den nyfødde vart døypt Carl Friedrich etter tronarvingen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl Zeiss

Kjelder[endre | endre wikiteksten]