Carl and the Passions - «So Tough»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl and the Passions - «So Tough»
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 15. mai 1972
Innspelt 4. desember 1971 -
13. april 1972
Sjanger Rock, soul, rhythm & blues
Lengd 34:26
Selskap Brother/Reprise
Produsent Carl Wilson, Brian Wilson, Dennis Wilson, Mike Love, Al Jardine, Ricky Fataar, Blondie Chaplin.
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
Surf's Up
(1971)
Carl and the Passions - «So Tough» Holland
(1973)

Carl and the Passions - «So Tough» er det femtande studioalbumet til The Beach Boys, og kom ut i 1972. Det kom ut som eit dobbeltalbum i lag med Pet Sounds. Carl and the Passions - "So Tough" var eit overgangsalbum der eit medlem slutta og to nye okm inn. Musikken var derfor inkonsistent og bleikna ved sidan av klassikaren frå 1966. Tittelen på albumet var ein referanse til eit band Carl Wilson hadde spelt i som tenåring (enkelte meiner det kan ha vore eit tidleg namn på the Beach Boys). Det var òg det første albumet deira som vart gjeven ut med ein platekontrakt hos Warner Bros. som gjorde at selskapet kunne distribuere alle framtidige Beach Boys-produkt i utlandet i tillegg til heimemarknaden.

I 1971 valde Carl Wilson (som no var leiaren i gruppa) å endre strukturen i The Beach Boys med å ta inn ein tredje gitarist, Blondie Chaplin. Medan den soul-aktige vokalen sin, gav han bandet eit sterkt R&B-element. I lag med han kom trommeslagar Ricky Fataar etter at Dennis Wilson hadde hatt ei ulukke som gjorde at han mista krafta i handa. Begge hadde tidlegare spelt i det britiske bandet The Flame.

Ikkje lenger etter innspelinga kom i gang, slutta Bruce Johnston etter at han hadde vorte uvener med manageren Jack Rieley.

Brian Wilson medverka på to songar og song korvokal på «Cuddle Up», «He Come Down», «Marcella» og «You Need A Mess Of Help To Stand Alone».

Dei forskjellige stilartane på albumet gjorde at det ikkje vart særleg godt motteke og nådde berre 50. plass i USA og 25. plass i Storbritannia, samt at det fekk dårleg kritikk. Kritikken har derimot vorte noko betre med åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Solovokal Lengd
1. «You Need a Mess of Help to Stand Alone» (Brian Wilson/Jack Rieley) Carl Wilson 3:27
2. «Here She Comes» (Ricky Fataar/Blondie Chaplin) Ricky Fataar og Blondie Chaplin 5:10
3. «He Come Down» (Brian Wilson/Al Jardine/Mike Love) Mike Love, Blondie Chaplin, Al Jardine og Carl Wilson 4:41
4. «Marcella» (Brian Wilson/Tandyn Almer/Jack Rieley) Carl Wilson og Mike Love 3:54
5. «Hold On Dear Brother» (Ricky Fataar/Blondie Chaplin) Blondie Chaplin 4:43
6. «Make It Good» (Dennis Wilson/Daryl Dragon) Dennis Wilson 2:36
7. «All This Is That» (Alan Jardine/Carl Wilson/Mike Love) Carl Wilson, Alan Jardine og Mike Love 4:00
8. «Cuddle Up» (Dennis Wilson/Daryl Dragon) Dennis Wilson 5:30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Carl and the Passions - "So Tough"/Holland CD-hefte, Elton John og Scott McCaughey, c.2000.
  • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
  • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
  • Allmusic.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]