Carl von Ossietzky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl von Ossietzky

Nobelprisen

Nobels fredspris
1935

Carl von Ossietzky (3. oktober 18894. mai 1938) var ein radikal tysk pasifist frå Hamburg som fekk Nobels fredspris for 1935. Han vart tiltala for landssvik og spionasje alt i 1931 etter å ha offentleggjort korleis Tyskland braut Versailles-traktaten ved å byggje opp att luftvåpenet. Men det var først etter nazistane tok makta at han vart sitjande innesperra for godt.

Ossietzky var journalist, og skreiv artiklar om alt frå teaterkritikk til feminisme og motorbruk. Han hevda å ha vore pasifist heilt frå 1913, det same året som han gifta seg med Maud Lichfield Wood frå England. Dei fekk ei dotter i lag. Under Weimar-republikken (1918-1933) fekk han på grunn av aviskommentarane sine ry som ihuga støttespelar for demokrati og pluralisme. Han vart òg sekretær i Det tyske fredsselskapet (Deutsche Friedensgesellschaft). I 1927 følgde han etter Kurt Tucholsky som sjefsredaktør i bladet Die Weltbühne (Verdsscena).

Den 28. februar 1933 vart han arrestert, og sperra inne i konsentrasjonsleirar, mellom andre Esterwegen ved Oldenburg. Han vart namngjeten internasjonalt da han i 1936 vart gitt fredsprisen. Da leid han allereie av sjukdom som han ikkje fekk skikkeleg behandling for. Nazistane lét han ikkje fare til Oslo, men Ossietzky sende eit brev frå sjukehuset der han sa frå at han var usamd med styresmaktene som hadde sagt at han ved å ta imot prisen ville stille seg utanfor "det tyske folkefellesskapet". I mai 1936 vart han send til politisjukehuset i Berlin på grunn av alvorleg tuberkulose. Han døydde i Berlin 4. mai 1938, framleis i politiet si varetekt, av tuberkulose og etterverknadene av mishandlinga i konsentrasjonsleirane.

Universitetet i Oldenburg er oppattkalla etter han, og heiter Carl von Ossietzky Universität Oldenburg.

Det var elles mykje diskusjon om tildelinga av fredsprisen til Ossietzky her i Noreg, der mellom anna dei store borgarlege avisene Aftenposten og Morgenbladet, og forfattaren Knut Hamsun, tok avstand frå tildelinga. Det ville vere feil å gi prisen til ein lovbrytar, og å bruke fredsprisen som ein demonstrasjon mot «det nye Tyskland», heitte det i høgrepressa. Sjå mellom anna følgjande artikkel av Hans Fredrik Dahl: [1]


Kjelde: I hovudsak Engelsk wikipedia: [2]