Carlo Janka
Carlo Janka (fødd 15. oktober 1986) er ein sveitsisk skirennar frå Obersaxen i kantonen Graubünden.
Innhaldsliste |
Aktiv [endre]
Janka debuterte i verdscupen i alpint i desember 2005, og tok sine fyrste poeng i desember 2006 med ein 20. plass i storslalåm i Alta Badia.
I utforrennet i Lake Louise i Canada 29. november 2008 suste Janka, frå startnummer 65, inn til ein overraskande andreplass. To veker seinare, 13. desember 2008, tok han steget heilt til topps i storslalåmrennet i Val-d’Isère og sikra seg dermed sin fyrste siger i verdscupen. Under alpin-VM i Val-d’Isère i februar 2009 vart han verdsmeister i storslalåm og fekk bronse i utfor. I 2008/09-sesongen vann han også pokalen som bestemann i den alpine kominasjonen av verdscupen.
Janka var i 2010-sesongen den beste skialpinisten i verda. Under vinter-OL i Vancouver vann han gull i storslalåm, kom på fjerdeplass i den alpine kombinasjonen, åttandeplass i super-G og på ellevteplass i utfor. Han vann verdscupen samanlagt og vart nummer to både i storslalåmcupen, utforcupen og kombinasjonscupen.
I 2011 vart han nummer tre i den totale verdscupen, bakom Ivica Kostelić frå Kroatia og sin eigen landsmann, Didier Cuche. Seks gongar kom han på pallen i verdscuprenn, hans einaste siger kom i storslalåm i Kranskja Gora i mars månad. 2012-sesongen vart heller mislukka for Janka, med ei einaste pallplassering.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap [endre]
| Dato | Stad | Renn | Medalje/plassering |
|---|---|---|---|
| 13. februar 2009 | Storslalåm | ||
| 7. februar 2009 | Utfor | ||
| 23. februar 2010 | Storslalåm | ||
| 9. februar 2011 | Super-G | Nr 7 | |
| 18. februar 2011 | Storslalåm | Nr 7 |
Verdscupsigrar [endre]
| Dato | Stad | Øving |
|---|---|---|
| 13. desember 2008 | Storslalåm | |
| 16. januar 2009 | Superkombinasjon | |
| 4. desember 2009 | Superkombinasjon | |
| 5. desember 2009 | Utfor | |
| 6. desember 2009 | Storslalåm | |
| 16. januar 2010 | Utfor | |
| 7. mars 2010 | Super-G | |
| 12. mars 2010 | Storslalåm |
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Carlo Janka» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Carlo Janka» frå Wikipedia på tysk, den 27. oktober 2012.