Carlo Rubbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carlo Rubbia
Carlo Rubbia.jpg
Carlo Rubbia, 2005
Fødd 31. mars 1934 (80 år)
Gorizia i Friuli-Venezia Giulia i Italia
Nasjonalitet Italiensk
Område Fysikk
Kjend for Oppdaginga av W- og Z-bosoner
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1984)

Carlo Rubbia (fødd 31. mars 1934) er ein italiensk fysikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1984 saman med Simon van der Meer «for avgjerande bidrag til det store prosjektet, som førte til oppdaginga av feltpartiklane W og Z, formidlarar av svak vekselverknad».

Rubbia studerte ved Scuola Normale i Pisa og vart uteksaminert ved å utføre eksperiment på kosmisk stråling ved Universitetet i Pisa i 1959. Han flytta deretter til USA der han var rundt eitt og eit halvt år ved Columbia University og utførte eksperiment på nedbryting og den kjernefysiske fangsten av myon. Dette var den første av ei lang rekkje eksperiment som Rubbia har utført innan feltet svak vekselverknad og som kulminerte i det nobelprisvinnande arbeidet ved CERN.

Frå 1989 til 1992 var Carlo Rubbia generaldirektør ved CERN. Han er òg hjernen bak den såkalla Rubbiareaktoren, ein energiforsterkerreaktor som nyttar grunnstoffet thorium som drivstoff. Denne reaktortypen har vore mykje diskutert i norsk media sidan 2005, men spesielt etter sommaren 2006, på grunn av store førekomstar av thorium i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]