Carlos Fuentes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carlos Fuentes

Statsborgarskap Mexico
Fødd 11. november 1928
Panama by
Død

15. mai 2012 (83 år)
Mexico by

Yrke skribent, manusforfattar, diplomat, romanforfattar, advokat, journalist, diktarjurist, prosaforfatter, skodespelforfattar, kommentator, foreleser, kritikar, polyhistor
Språk spansk
Medlem av Colegio Nacional, Academia Mexicana de la Lengua, American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle Rita Macedo, Silvia Lemus
Carlos Fuentes på Commons

Carlos Fuentes Macías (fødd 11. november 1928 i Panama by i Panama, død 15. mai 2012 i Mexico by[1]) var ein meksikansk forfattar og diplomat.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Far til Fuentes var diplomat og i 1930-åra meksikansk ambassadør i Washington. Som barn og ungdom blei Carlos Fuentes derfor kjend med kultur og litteratur i USA og ei rekke land i Mellom- og Søramerika. Dei første litterære forsøka er påverka av Pablo Neruda og andre.

Den høgare skoleutdanninga avslutta han i Mexico by. På denne tida arbeidde han i tidsskriftet Hoy («I dag»). Deretter studerte han rettsvitskap i Geneve og i Mexico.

Fuentes arbeidde som diplomat etter at utdanninga var avslutta og frå 1959 var han òg aktiv som roman- og manusforfattar.

I 1960-åra budde Fuentes i Paris, Venezia, London og Mexico by. I 1970-åra arbeidde han ved Woodrow Wilson International Center for Scholars i Washington. Frå 1972 til 1978 var han Mexico sin ambassasør til Frankrike, men sa frå seg tittelen då ekspresident Gustavo Díaz Ordaz fekk posten som meksikansk ambassadør til Spania.

Frå 1990 budde Fuentes i Europa.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Fuentes skreiv forteljingar, essay og romanar der han tok opp den meksikanske kvardagen og historia til Mexico. Han var ein viktig representant for meksikansk samtidslitteratur og tok i bruk ulike stilistiske middel i skildringa av meksikanarane sitt liv. Seinare tok han opp forholdet mellom Europa og Ameria og tok stilling i nord-sør-konflikten.

Dei første forteljingane gav han ut i samlinga Los días enmascarados (1954); boka blei ein bestseljar i heimlandet. Det same galdt for den første romanen, La Región Más Transparente (1958), som var den første omfattande skildringa av den moderne Mexico by. Snart leidde han tidsskrift som Revista Mexicana de Literatura og El Espectador.

Eit av dei viktigaste og mest interessante verka hans er romanen Terra Nostra, der han knyter samtidas Mexico med den meksikanske kolonihistoria. Cristóbal Nonato skildrar Mexico i 1980- og 1990er-åra. Romanen Gringo Viejo (1985), som omhandlar forfattaren Ambrose Bierce, blei i 1989 brukt som grunnlag for ein spelefilm med tittelen Old Gringo. Jane Fonda og Gregory Peck spelte hovudrollene.

Fuentes rekna seg til den politiske venstresida og tala ofte dei små menneska og fagforeingane sin sak.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carlos Fuentes ist tot», Der Spiegel, 16. mai 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]