Carlos Tévez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carlos Tévez
Personleg informasjon
Fullt namn Carlos Alberto Tévez
Fødd 5. februar 1984
Fødestad Ciudadela i Buenos Aires
Høgd 170 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester City
Nummer 32
Ungdomsklubbar
1992-1996
1997-2001
Argentina All Boys
Argentina Boca Juniors
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-2004
2005-2006
2006-2007
2007-2009
2009-
Argentina Boca Juniors
Brasil Corinthians
West Ham
Man. United
Man. City
75 (25)
38 (25)
26 (7)
34 (14)
0 (0)
Landslag
2004- Argentina 35 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. august 2007
‡ Landslagsmål oppdatert 5. juli 2007

Carlos Alberto Tévez (fødd 5. februar 1984 i Ciudadela) er ein argentinsk fotballspelar som spelar for den engelske klubben Manchester City. Han slo gjennom hjå klubben Boca Juniors og har sidan vore innom både Corinthians og engelske West Ham United. Sommaren 2007 blei Tévez si kontrakt med West Ham kansellert, og spelaren blei dermed kontraktslaus. Han gjekk då til storklubben Manchester United

Tévez debuterte for Boca Juniors i oktober 2001, og spelte for laget til og med 2004. I desember same år underteikna han ei femårskontrakt med den brasilianske fotballklubben Corinthians. Sommaren 2006 vart Tévez seld til West Ham United.

Han storspela for Argentina sitt landslag då dei vann fotballturneringa under OL 2004 i Athen. Han scora seks mål på seks kampar og vart toppscoraren i turneringa.

Den 1.mai 2009 annonserte Tevez at han mest sannsynleg kom til å spele fotball for eit anna lag enn Manchester United neste sesong. Truleg var grunnen til det, at han ikkje følte seg verdsett i United og at manageren deira, Alex Ferguson, ikkje ville tilby han ei ny kontrakt. Det vart sett som mest sannsynleg at han ville gå til ein av Uniteds to argaste rivalar, Manchester City eller Liverpool. Det enda opp med å bli Manchester City. Han vart City sin toppskårar i Premier League i 2009/10-sesongen med 22 seriemål.