Carnoustie

Koordinatar: 56°30′N 2°43′W / 56.500°N 2.717°W / 56.500; -2.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Carnoustie

Carnoustie High Street
Carnoustie High Street
Carnoustie High Street
Plassering
Carnoustie is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Angus
Tradisjonelt grevskap Angus
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 561
Koordinatar 56°30′N 2°43′W / 56.500°N 2.717°W / 56.500; -2.717
Diverse annan informasjon
Postnummer DD7
Telefon-retningsnummer 0 1241
Commons har multimedium som gjeld: Carnoustie

Carnoustie er ein by i regionen Angus i Skottland. Han har kring 10500 innbyggjarar.

Han er særleg kjent for Carnoustie Golf Club. Ein spelte visstnok golf der alt i 1527, medan den tidlegaste referansen til golf i St. Andrews er frå 1552.

På byrjinga av det 1900-talet vart byen ein kurstad, då det kom på moten å reise til sjøen for å få frisk luft og bade i saltvatn. Dette førte til enorm aktivitet, som vart avbrote av utbrotet av første verdskrigen i 1914. Etter slutten til krigen i 1918 tok turistnæringa seg opp att, og i dag er turisme særs viktig for byen. Særs mange av dei som kjem dit no er på golfferie; då det etter andre verdskrig vart mogleg å reise på billege pakketurar til varmare strøk var det få som valde å leggje strandferie så langt nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]