Carnsore Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carnsore Point
nes
Land  Irland
Kart
Carnsore Point
52°10′14″N 6°21′20″W / 52.170555555556°N 6.3555555555556°W / 52.170555555556; -6.3555555555556
Wikimedia Commons: Carnsore Point

Carnsore Point (Carn tSóirirsk) er eit nes heilt søraust i grevskapet WexfordIrland.

Det er kjend for staden der ein planla å byggje eit atomkraftverk i 1970-åra. Den irske regjeringa prøvde å få gjennomført planane etter oljekrisa i 1973. Planen bestod av ein, og etter kvart fire, atomkraftverk, men planane vart fint lagt bort etter motstand frå miljøvernsgrupper.

To gratiskonsertar vart haldne ved Carnsore Point i 1978 og 1979. Med titlane «Get To The Point» og «Back To The Point» vart konsertane svært populære og førte spørsmålet om atomkraft i Irland fram til ålmenta.

Ironisk nok er Carnsore Point i dag staden der dei første vindmøllene på Irland står. Dei opna i 2002 og består av 14 møller på 850 kW, med ein total kapasitet på under 12 MW.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]