Carrara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carrara
Carrara - Porto.JPG
Motto
«Fortitudo mea in rota»
(Krafta mi er i hjulet)
Plassering
Carrara is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Massa-Carrara
Borgarmeister Andrea Angelo Zubbani
Geografi
Flatevidd
 - By

71 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

65 296
  923/km²
Koordinatar 44°4′″N 10°6′″EKoordinatar: 44°4′″N 10°6′″E
Høgd over havet 100 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 54033
Telefon-retningsnummer 0585
Nettstad: www.comune.carrara.ms.it

Carrara er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Massa-Carrara i regionen Toscana og har om lag 65 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved elva Carrione, om lag 100 km nordvest for Firenze, og er kjend for den kvite eller blåkvite marmoren som vert henta ut her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Carrara vart oppretta i 1235.

I gjennom hundreåra vart han styrt av Pisa (1235), Lucca (1322), Genova (1329), og Milano (1343). Etter Filippo Maria Visconti frå Milano døydde i 1477 kjempa Tommaso Campogregoso, herre av Sarzana og Malaspina-familien om makta i byen.

Carrara og Massa danna i lag hertugdømet Massa og Carrara frå 1400- til 1800-talet.

I 1929 vart kommunane Carrara, Massa og Montignoso slått saman til ein enkel storkommune kalla Apuania. I 1945 vart kommunane løyst frå kvarandre igjen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carrara

Kjelder[endre | endre wikiteksten]