Carry That Weight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Carry That Weight» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av Paul McCartney, men tilskriven Lennon/McCartney.

Songen vart spelt inn, mellom 2. juni og 19. august 1969. «Carry That Weight» og den førre songen «Golden Slumbers», vart gjort som ei samanhengande innspeling. John Lennon var ikkje til stades då intrumentopptaka vart gjort, sidan han var på sjukehus etter ei mindre trafikkulukke.

I mellompartiet midt i songen vert det nytta messingblåsarar, elektrisk gitar og vokal som gjentar motivet frå byrjinga av «You Never Give Me Your Money» frå same album, men med annan tekst. Mot slutten av «Carry That Weight» vert eit gitarmotiv som vert nytta i både «You Never Give Me Your Money» og «Here Comes The Sun» (samt songen «Badge» med Cream, som Harrison skreiv saman med Eric Clapton). Songen går så direkte over i «The End».

Teksten verkar, som med «You Never Give Me Your Money», å reflektere McCartney si uro for dei økonomiske problema til Beatles, men dette er ikkje den einaste måten å tolke han på. Songen kan òg handle om å erkjenne at ein har vorten vaksen og ansvaret som følgjer med dette:

Boy, you're gonna carry that weight
Carry that weight a long time

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]