Caserta
| Caserta | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Region Provins |
Campania Caserta |
|
| Borgarmeister | Nicodemo Petteruti | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
53 km² |
|
| Innbyggjarar - Totalt (2004) - folketettleik |
79 488 1415/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 81020, 81100 | |
| Telefon-retningsnummer | 0823 | |
| Nettstad: www.comune.caserta.it | ||
Caserta er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Caserta i regionen Campania og har om lag 80 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig senter for jordbruk, handel og industri og ligg i utkanten av den campanianske sletta ved foten av åsane som strekk seg opp mot Appenninane. Byen er mest kjend for palasset sitt.
Historie [endre]
Den moderne Caserta vart grunnlagd rundt eit forsvarstårn bygd av langobardisk tid av Pando, fyrste av Capua. Pando øydela den opphavlege byen rundt 863. Tårnet er i dag ein del av Palazzo della Prefettura som ein gong var sete for grevane av Caserta, i tillegg å vere ein kongeleg residens. Dei første innbyggjarane flytta frå Casertavecchia (tidlegare bispesete) til den noverande staden på 1500-talet.
Byen og omegn høyrte til familien Acquaviva, som selde landområda til kongefamilien då dei kom ut for pengemangel. Kongefamilien ønskte å bygge eit nytt palass og valde Caserta, som dei såg på som ein by som var lettare å forsvare enn det tidlegare palasset ved Napolibukta. Palasset er i dag på UNESCO si verdsarvliste.
Caserta var fødestaden til den italienske forfattaren Maria Valtorta.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Caserta» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007.