Cassini-Huygens
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cassini-Huygens er ein ubemanna romferd og eit samarbeidsprosjekt mellom NASA, ESA og den italienske romfartsorganisasjonen ASI med det føremål å studere Saturn og månene til planeten. Romsonden består av to hovudelement: kretsløpsmodulen Cassini og landingsfartøyet Huygens. Det vart skote opp 15. oktober 1997 og gjekk inn i kretsløp rundt Saturn 1. juli 2004. Det er det fyrste romfartøyet som går i bane rundt Saturn, og det fjerde som nokon gong besøker planeten.