Castellón de la Plana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Castellón de la Plana
Flagget til Castellón de la Plana Byvåpenet til Castellón de la Plana
Flagget til Castellón de la Plana Byvåpenet til Castellón de la Plana


Plassering
Castellón de la Plana is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Valencia
Provins Castellón
Grunnlagd 1251
Borgarmeister Alberto Fabra Part
Geografi
Flatevidd
 - By

108,80 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

177 924
  1 635,3 /km²
Koordinatar 39°58′″N 0°1′″WKoordinatar: 39°58′″N 0°1′″W
Høgd over havet 30 moh
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.castello.es

Castellón de la Plana (valenciansk Castelló de la Plana) er provinshovudstaden i Castellón i regionen Valencia i Spania aust på Den iberiske halvøyaCosta del Azahar ved Middelhavet. Byen har opp under 180 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

El Fadrí (bygd i 1440).

Den første kjende bygningen i området var den mauriske borga Fadrell, nær Alquerías de La Plana. Byen vart offisielt grunnlagt i 1251 etter at det mauriske kongedømet Valencia vart erobra av kong Jakob I av Aragon i 1223. Jakob gav kongeleg løyve til å flytte byen frå fjella til sletta nedanfor den 8. september 1251, og segna fortel at flyttinga var ferdig den tredje søndagen i faste i 1252. I mellomalderen var byen verna av vollgraver, murar og tårn, og det vart bygd ei kyrkje. Seinare kom det ein katedral. På 1600-talet var byen ein av dei siste skansane i Revolta de les Germanies (dei lokale lauga). Han støtta erkehertug Karl av Austerrike i den spanske arvefølgjekrigen (1701-14), men vart seinare erobra av troppane til Filip d'Anjou.

På 1800-talet vart bymurane riven ned og byen utvida seg sakte, ein prosess avbroten av den spanske sjølvstendekrigen mot Napoleon (1804-1814) og karlistkrigane (1833-1863). I 1833 vart Castellón hovudstad i ein ny provins. På andre halvdel av 1800-talet vokste byen igjen, særleg etter at jernbanen kom og hamna vart utvida.

I 1991 vart Jaume I universitet oppretta. Den lokale økonomien er i dag basert på industri og handverk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]