Castle Semple Loch
| Castle Semple Loch | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Renfrewshire i Skottland |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | River Calder |
| Utsig | Black Cart Water |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 2,5 km |
| Største breidde | 0,6 km |
| Busetnadar | Lochwinnoch |
Castle Semple Collegiate Church på sørsida av innsjøen Castle Semple Loch er ein innsjø i Lochwinnoch i Renfrewshire i Skottland. Han var opphavleg ein del av ein eigedom med same namn og vert i dag forvalta av Clyde Muirshiel Regional Park som eit vassportsenter. Det ligg eit fuglereservat på nordsida av innsjøen.
Innhaldsliste |
Kollegiatkyrkje [endre]
Ruinane av den vesle Castle Semple kollegiatkyrkje ligg på nordsida av innsjøen. Ho vart bygt i 1504 av John, Lord Sempill, på same stad som Castle Semple frå 1200-talet, og vert i dag teken hand om av Historic Scotland.[1]
Castle Semple [endre]
Castle Semple House vart bygt i 1735 for oberst William MacDowell, som fekk det originale Castleton House øydelagd. Dette huset vart skildra av Crawford i 1710 med ein stor gardsplass og noko som såg ut som nokre særs gamle bygningar.
Det nye Castle Semple var eit gotisk herskapshus med store hagar. Det brende ned i 1924 og ruinaen vart til slutt fjerna i 1960. Store portbogar og eit lite tempelfolly på ein haug nord for innsjøen er alt som er att etter eigedomen.[2][3]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Castle Semple Loch» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Castle Semple Collegiate Church
- ↑ Millar, A H (1889) The castles and mansions of Renfrewshire and Buteshire: illustrated in sixty-five views with historical and descriptive accounts..
- ↑ NSA (1845), The new statistical account of Scotland by the ministers of the respective parishes under the superintendence of a committee of the society for the benefit of the sons og daughters of the clergy, 15v, Edinburgh, Vol.7 (Renfrew), s. 96