Castletown i Caithness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Castletown

skotsk-gælisk Baile a' Chaisteil
Stranda i Dunnet Bay
Stranda i Dunnet Bay
Plassering
Castletown i Caithness is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Caithness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

798
Koordinatar 58°35′″N 3°23′″WKoordinatar: 58°35′″N 3°23′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KW14
Telefon-retningsnummer 0 01847 821
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Castletown i Caithness

Castletown er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 800 innbyggjarar og ligg mellom John o' Groats og Thurso.

Mykje av landsbyen ligg i området kjent som Stanergill. Elva Stanergill Burn var tidlegare austgrensa for det busette området. Ho renn no gjennom den austlege delen av landsbyen og så vidare ut i Atlanterhavet ved Dunnet Bay.

Stanergill tyder «steindalen», og mykje av busetnaden i Castletown skriv seg frå 1800-talet, då det var ei oppgangstid for steinbrot der. Mykje av steinen vart klargjort for utskiping i hamneområdet, kjent som Castlehill. Stein frå Castletown finn ein blant anna på mange av gatene i London.

Landsbyen høyrer til Olrig sokn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]