Castore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Castor
fjell
Pollux (venstre) og Castor (høgre)
Land  Sveits,  Italia
Regionar Valais, Aostadalen
Del av grensa mellom Italia og Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 228 moh.
Primærfaktor 165 m ↓ Monte Rosa
Koordinatar 45°55′20″N 7°47′34″E / 45.92222°N 7.79278°E / 45.92222; 7.79278
Førstestiging F. W. Jacomb
Kart
Castore
45°55′15″N 7°47′36″E / 45.920861111111°N 7.7933305555556°E / 45.920861111111; 7.7933305555556
Wikimedia Commons: Castor and Pollux peaks

Castore eller Castor er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits (Valais) og Italia (Aostadalen) med ei høgd på 4 228 meter over havet. Fjellet er det høgaste av to tvillingtoppar (det andre er Pollux) kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Castor ligg mellom Breithorn og Monte Rosa. Mellom Castor og Pollux ligg passet Passo di Verra eller Zwillingsjoch i ei høgd på 3 845 moh.

Fjellet vert vanlegvis klarta frå fjellhytta Capanna Quintino Sella på den italienske sida via Felikjoch og den lange, smale søraustryggen. Frå den sveitsiske sida startar ein oppstiging frå Klein Matterhorn og går over den italienske isbreen Mezzalama og vestsida av fjellet. Den første klatringa vart utført 23. august 1861.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Helmut Dumler og Willi P. Burkhardt (1989). Viertausender der Alpen. München: Bergverlag Rother. ISBN 3-7633-7427-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]