Castres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Castres
Bygningar ved elva Agout i Castres
Bygningar ved elva Agout i Castres
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Tarn
Geografi
Flatevidd
 - By

98,17 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

43 300
  443/km²
Koordinatar 43°36′″N 02°14′″EKoordinatar: 43°36′″N 02°14′″E
Høgd over havet 170 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 81100
Heimeside: www.ville-castres.fr

Castres (oksitansk Castras) er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Tarn. Byen har om lag 45 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 61 760 innbyggjarar. Castres er det tredje største industrisenteret i Midi-Pyrénées etter Toulouse og Tarbes, og det største industrisenteret i Languedoc mellom Toulouse og Montpellier.

Castres er mest kjend for å vere heimstad til sosialistleiaren Jean Jaurès, og for det store Goya-museumet med spanske måleri.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Castres ligg 172 meter over havet. Han ligg 45 km søraust for Albi, som er préfecture (hovudstad) i Tarn, og 79 km aust for Toulouse, hovudstaden i Midi-Pyrénées. Elvene Agout og Durenque renn gjennom byen.

History[endre | endre wikiteksten]

Castres voks opp rundt eit benediktinarkloster for St. Benoît, som ein meiner vart grunnlagd i 647, kanskje over ein gamal romersk festning (castrum på latinsk). Castres vart ein viktig stoppestad for pilegrimar på veg til Santiago de Compostela i Spania fordi klosterkyrkja frå 800-talet hadde leivningane til St. Vincent, ein kjend martyr frå Spania. Klosteret vart etter kvart mindre viktig, men byen fekk av Trencavel-familien, vicomtar av Albi, vere ganske sjølvstendige.

Under Albigensesarkrosstoget overgav byen seg til Simon de Montfort, og vart dermed ein del av kongedømet Frankrike i 1229. I 1317 oppretta Pave John XXII bispedømet Castres. I 1356 vart Castres gjort til grevskap av Kong Johan II av Frankrike. Byen leid deriomt stort under Svartedauden i 1347-1348, og så på grunn av Edward, den svarte prinsen frå England som raserte området under Hundreårskrigen. I 1375 var det berre 4 000 innbyggjarar igjen i byen.

Rundt 1560 konverte dei fleste innbyggjarane i Castre til protestantisme. I krigane som fylgde protestantane på 1500-talet tok innbyggjarane protestantane si side, og lagde festningsverk i byen og oppretta ein sjølvstendig republikk. Castres var ein av dei største skansane til protestantane i Sør-Frankrike i lag med Montauban og La Rochelle. Henrik av Navarre, som leia den protestantiske gruppa og som seinare vart Kong Henrik IV av Frankrike, haldt seg i Castres i 1585. Kong Louis XIII gjorde slutt på krigen i 1629 og festnigsverka vart rive ned. Etter desse religiøse krigane blømde byen på ny. Den katolske kyrkja gjorde Castres til eit aktivt senter for motreformasjonen, og oppretta fleire nonnekloster i byen. Bispepalasset som vart bygd på denne tida er framleis den mest kjende bygningen i byen i dag. Ei ny domkyrkje vart òg bygd, etter at den gamle vart øydelagd under religionskrigane.

Castres vart no eit sete for Chambre de l'Édit, ein domstol som tok seg av saker som omhandla protestantar i Languedoc. Dette førte mange forretningar til Castres og i 1665 var det 7 000 innbyggjarar i byen. I 1670 vart Chambre de l'Édit flytta til Castelnaudary og Castres mista ei stor inntektskjelde på grunn av alle advokatane som flytta med. Kort tid etter kom opphevinga av ediktet i Nantes, og dei fleste protestantane valde å flytte i eksil. Ein ny pest i 1720-1721 råka byen, i tillegg til ein bybrann i 1724. I 1758 mista Castres dei sjølvstendige privilegia sine.

I 1760-åra var Castres kjend over heile landet. Pierre-Paul Sirven og kona hans, begge protestantar, vart skulda for å ha tatt livet av dottera si for å unngå at ho konverterte til katolisisme. Dei vart dømd til døden utan rettssak 29. mars 1764, men vart så forsvart av Voltaire, og til slutt frikjend i 1771.

Med den franske revolusjonen vart bispedømet oppheva, og byen vart opphavleg hovudstad i departementet Tarn i 1790, men nedgradert til hovudstad i eit arrondissement i 1797, medan Albi vart gjort til hovudstad av departementet.

Tekstilindustrien gjorde at Castres utvikla seg stort på 1800-talet, og vart etter kvart den største byen i departementet.

Byen byrja på 1900-talet å slite med å omskape seg frå ein industriby. Den geografiske plasseringa ved foten av Massif Central gjer at byen ligg borte frå dei store transportårene i Frankrike. Castres er framleis ikkje knytt til motorvegnettverket i Frankrike, som den einaste byen i landet på denne storleiken. Motorvegsamband med Tolouse, som berre ligg 79 km unna er derimot påbyrja.

Bakrgunnsstoff[endre | endre wikiteksten]