Catanzaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Catanzaro
Luftfoto av det historiske sentrumet i Catanzaro
Luftfoto av det historiske sentrumet i Catanzaro
Byvåpenet til Catanzaro
Byvåpenet til Catanzaro


Plassering
Catanzaro is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Calabria
Matera
Borgarmeister Rosario Olivo
Geografi
Flatevidd
 - By

111 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

94 969
  153/km²
Koordinatar 38°54′″N 16°36′″EKoordinatar: 38°54′″N 16°36′″E
Høgd over havet 342 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 0961
Telefon-retningsnummer 88100
Nettstad: www.comunecatanzaro.it

Catanzaro er ein by sør i Italia. Han er hovudstad i både provinsen Catanzaro og i regionen Calabria og har om lag 95 000 innbyggjarar.

Byen er bygd på ei klippe og er delt i to av den bratte Fiumarelladalen. Dei to delane er forbunde via ei stor stålbru (Viadotto Morandi), som er av dei høgaste i Europa, bygd i 1960 av arkitekten Riccardo Morandi. Feriestaden Catanzaro Lido, ligg om lag 5 km mot sør og har ein vid promenade og ei hamn for små fiskebåtar og lystbåtar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen er usikkert. Enkelte meiner at det kjem frå to austromerske generalar kalla Kattaro og Zaro, medan ein annan teori er at Zaro vart det opphavlege namnet på elva (Zarapotamo), slik at katà Zaro tyder bortanfor elva.

Gamlebyen vart bygd på tre åsar (Trifone eller St. Rocco-åsen, Episkopatåsen og St. Johannes-åsen) under Austromarriket.

På 1400-talet, då Aragon styrte det sørlege Italia, var Catanzaro eit verdssenter for silkeproduksjon, der det vart produsert silke og kniplingar for hoffa rundt om i verda og Vatikanstaten. Handelfolk frå heile Europa kom for å kjøpe silke i hamna i Reggio Calabria før pinsedag.

Under opprøret til dei calabriske baronane i 1528 motstod den spanske statthaldaren Pedro Alarcon de Mendoza med 11 000 lojale troppar ei lang omleiring og byen fekk tittelen magnifica at fidelissima av keisar Karl V og retten til å prege eigne myntar.

Eit svært kraftig jordskjelv i 1783 jamna kyrkje, palass og store delar av husa med jorda, og eit anna jordskjelv i 1832 øydela stort sett det som var igjen av dei gamle historiske bygningane.

Catanzaro var ein gong eit velståande senter i Austromarriket, og seinare ein tidleg normannisk utpost. Den tidlegare normanniske borga står framleis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]