Catch the Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Catch the Wind
Singel av Donovan
frå albumet What's Bin Did and What's Bin Hid
B-side «Why Do You Treat Me Like You Do?»
Innspelt Mars 1965
Sjanger Folk
Lengd 2:21 (Side A)
2:57 (Side B)
Selskap Pye7N15801 (UK)
Hickory 45-1309 (US)
Låtskrivar(ar) Donovan
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Donovan-kronologi
Catch the Wind «Colours»
(1965)

«Catch the Wind» er ein song skriven og spelt inn av den skotske visesongaren Donovan. Han vart gjeven ut som singel i Storbritannia den 12. mars 1965 på Pye Records og eit par månader seinare i USA gjennom Hickory Records. Singelen hadde «Why Do You Treat Me Like You Do?» som B-side.

«Catch the Wind» var den første utgjevinga til Donovan. Han nådde 4. plass i Storbritannia og 23. plass i USA.[1] Singelversjonen hadde ekko på vokalen til Donovan og strykarar. Songen vart spelt inn på nytt for debutalbumet til Donovan, What's Bin Did and What's Bin Hid, utan vokalekko og strykarar.

Songen er sagt å ha likskapar til Bob Dylan sin «Chimes of Freedom».[2]

Epic Records sette saman Donovan's Greatest Hits, klarte dei anten ikkje eller ønskte ikkje å sikre seg rettane til den originale innspelinga av «Catch the Wind» og «Colours». Donovan spelte derfor inn begge songane på nytt med fullt akkompagnement, og desse vart gjevne ut på samlealbumet med studiomusikarane Big Jim Sullivan og John Paul Jones.

Bruk i reklamar og filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 2005, TV-showet Cold Case nytta songen på slutten av episoden «A Perfect Day».
  • 2006, filmen Flicka
  • 2007, GE Ecomagination nytta songen i ein fjernsynsreklame for vindkraft.
  • 2009, thatgamecompany nytta songen i reklame for PlayStation Network-spelet Flower.
  • 2009 MesseMutual nytta songen i ein reklame for privatøkonomitenester.
  • 2009, filmen The Invention of Lying nytta nesten heile songen i ein scene der mor til hovudrolla døyr.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Av andre artistar som har spelt inn songen finn ein Paul Revere and the Raiders, Chet Atkins, Johnny Rivers (1965), Bruce Springsteen (1967), Cher (1966), The Blues Project, Live at The Cafe Au Go Go, Siluete (1966), Glen Campbell (1967), Dottie West, Claudine Longet, Lester Flatt & Earl Scruggs, Peter Fonda (1968), We Five, The Lettermen (1970), Mike Berry (1970), Eartha Kitt (1972), Sammy Hagar (1977), Susanna Hoffs (1994), The Irish Descendants (1995), The Spill Canvas (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daffyd Rees and Luke Crampton, Rock Stars Encyclopedia (New York: DK Publishing, Inc., 1999), 309.
  2. Rolling Stones Off The Record", Mark Paytress, p90: "We've been watching Donovan too. He isn't too bad a singer but his stuff sounds like Dylan's. His 'Catch The Wind' sounds like 'Chimes of Freedom' "

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]