Catedral de Santiago de Compostela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestfasaden med portalen
Nordfasaden
Grunnplan

Catedral de Santiago de Compostela, Santiago de Compostela-katedralen i byen Santiago de Compostela i Nordvest-Spania er bygd over det som etter tradisjonen vert rekna for å vere grava til apostelen Jakob den eldre. Katedralen var eit særs viktig pilegrimsmål i mellomalderen og framover. Mange av dei store mellomalderkatedralane i Frankrike ligg langs pilegrimsvegane hit, og er bygde slik at krava som vart sette til ferdafolket om bøn og bot, høgtidlege lovnader og religiøs førebuing på ferda skulle kunne stettast. Pilegrimsferder til katedralen Santiago de Compostela, som på fransk har namnet Cathédrale de Saint-Jacques-de-Compostelle, er vanlege i vår tid òg.

Apostelen Jakob den eldre vart halshogd i Jerusalem, slik det går fram av kapittel 12, vers 2 i Apostelgjerningane i Det nye testamentet. Avrettinga skal ha skjedd i påska i året 44. Legender gjer greie for korleis det hadde seg at liket til slutt vart gravlagd i Nordvest-Spania, og på byrjinga av 800-talet vart det funne bein som vart godteke av biskop og pave som Jakobs relikviar. Men den armenske Jakobskyrkja i Jerusalem gjer krav på å ha Jakobs hovudskalle.

Sankt Jakob er i den katolske kyrkja rekna som pilegrimshelgen, og vert frå 1300-talet ofte avbilda i den kristne kunsten med pilegrimsstav, pilegrimsflaske, vadsekk og ein pilegrimshatt som det er festa eit kamskjel i. Pilegrimane som kjem til katedralen i Santiago de Compostela får òg utdelt skjel frå havet utanfor. Det er uvisst kva som er den eigentlege meininga med dette skjelet, eller den historiske bakgrunnen for å knyte eit skjel til Sankt Jakob. Men ei slags grunngjeving kan ein finne i legendene om hendingar som gjekk føre seg i samband med at liket hans vart frakta over havet før gravlegginga.

Interiør. Den vidgjetne Botafumeiro, eit stort røykelseskar som heng frå taket i eit tretti meter langt reip, vert sett i store svingingar av seks menn når det er i bruk.

Katedralen Santiago de Compostela er eit av dei mest representative døma på dei store romanske kyrkjebygningane som vart bygd i mellomalderen for å fremje den katolske relikviekulten med sine tilhøyrande pilegrimsaktivitetar, og kan sjåast på som ei fullending av ideane som kjem arkitektonisk til uttrykk i dei tilsvarande franske kyrkjebygningane, som til dømes Basilique Saint-Martin i byen Tours, Basilique Saint-Sernin i byen Toulouse og Saint-Martial i Limoges.

Bygginga av katedralen, som opphavleg var i romansk stil, tok til i 1077 over restane av ei eldre kyrkje, og han vart innvigd i 1128. I dag er det berre den romanske sørportalen (Puerta de las Platerías) som står att i opphavleg skapnad av fasadane på denne katedralen. Tallause utvidingar og endringar gjennom tidene har ført til stilblandingar innandørs og utandørs, og både gotikk, barokk og andre stilartar er representerte. Vestfasaden er soleis i barokkstil (churriguerra på spansk), bygd i tida 1738 – 1750, medan tårna som er integrert i fasaden, er frå mellomalderen. Fleire utvidingar og tilbygg er gjort i renessansestil og barokk. Mykje av den noverande utsmykkinga og pryden skriv seg frå 1500- til 1700-talet.

Katedralen er ein av dei største kyrkjebygningene i Europa. Han er treskipa med tønnehvelv, og har eit stort tverrskip med sideskip og galleri. Koret er avslutta i ein halvsirkelforma apside med omgang og radialt orienterte kapell. Til saman har katedralen ni tårn.

I 1985 vart gamlebyen i Santiago de Compostela, og med dette katedralen, ført opp på verdarvlista til UNESCO.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Catedral de Santiago de Compostela