Catherine, hertuginne av Cambridge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Catherine av Cambridge | |
| Hertuginne av Cambridge | |
| Fødenamn | Catherine Elizabeth Middleton |
|---|---|
| Fullt namn | Catherine Elizabeth |
| Fødd | 9. januar 1982, Berkshire i England i Storbritannia |
| Ektefelle | William av Cambridge |
Catherine, hertuginne av Cambridge (fødd 9. januar 1982) er gift med Prins William, hertug av Cambridge.
Kate Middleton kjem frå Berkshire, og er eldst av tre sysken. Ho traff prins William på University of St Andrews i Skottland, og dei var kjærastar i fleire år. Trulovinga vart kunngjort den 16. november 2010, og bryllaupet stod i Westminster Abbey den 29. april 2011. Trulovingsringen som Kate fekk av William, er den same som Prinsesse Diana av Wales hadde.