Cathrine Sandnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cathrine Sandnes
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Cathrine Sandnes (fødd 19. mars 1972 i Sør-Korea) er ein norsk journalist og tidlegare idrettsutøvar.

Sandnes har vore journalist sidan byrjinga av 1990-talet, fyrst i Natt og Dag og Morgenbladet, og frå 1994 i Arbeiderbladet (Dagsavisen). Ho har vore kulturredaktør i Dagsavisen i to periodar, 19982000 og 20022005. Ho var redaktør for boka Matriark saman med Beate Nossum og Christina S. Erichsen (1999), og gav i 2002 ut boka Reisen østover om VM i fotball 2002.

Sandnes er ein markert samfunnsdebattant innanfor felta feminisme, litteratur og idrett. Ho fekk i 2004 Gullpennen for arbeidet sitt som skribent.

Sandnes har vore redaktør i tidsskriftet Samtiden sidan 1. april 2006, der ho overtok etter Knut Olav Åmås. Sommeran 2007 vart Samtiden kåra til årets tidsskrift av Tidsskriftsforeningen og våren 2008 vart det kåra til det beste tidsskriftet i Noreg av NRK P2.

Cathrine Sandnes er også ein av dei fremste kvinnelege karateutøvarane i Noreg gjennom tidene. Ho er 13 gonger noregsmeister i karate, noregsmeister og bronsemedaljør i EM i kickboksing og har ei rekkje triumfar i internasjonale karatestemne. Ho vann ein kongepokal i 2003. Sandnes la opp den aktive idrettskarrieren etter NM i 2003.

Sandnes har skrive faste spalter i ei rekkje medium, mellom anna i KK, Dagsavisen (om sport) og Dagbladet, der ho framleis skriv. Ho har vore litteraturkritikar i Aftenposten, og er ein mykje brukt debattleiar og debattant om norsk samtidslitteratur.

Ho er gift med tidlegare RV-leiar og dagleg leiar for Litteraturhuset, Aslak Sira Myhre.

Både Cathrine Sandnes og ektemannen Sira Myhre har ei tilknyting til fotballklubben Skeid.[1] Sandnes har følgt austkantklubben lenge, og har mellom anna tidlegare kome med bidrag til medlemsbladet i klubben.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tilbake til fotballen» av Geir Råve hjå ABC Nyheter (07.01.2009).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]