Cato Guldberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guldberg og Waage

Cato Maximilian Guldberg (fødd 11. august 1836 i Christiania, død 14. februar 1902 i Kristiania) var ein norsk matematikar og fysikar. Han er mest kjent for at han i 1864 utvikla masseverknadslova saman med kollegaen sin og svoger Peter Waage.

Han voks opp i Christiania og Nannestad som eldste born av bokhandlar, seinare sokneprest Carl August Guldberg og Hanna Bull. Ungdomsåra var han i Fredrikstad hos farmora som dreiv eit reiarlag, og han fekk prøvt sjømannslivet. Han tok artium i Fredrikstad og Christiania 1854, deretter universitetsstudium i matematikk og fysikk. I studietida budde han hos mostera og ektemannen hennar, statsråd Hans Riddervold, hans seinare svigerforeldre.

Etter eksamen i 1859 underviste han ved Nissens skole, ved Krigsskulen og skreiv for Polyteknisk tidsskrift. Han fekk eit reise- og utdanningsstipend i 1861, og studerte praktisk matematikk og maskinlære i Tyskland, Sveits og Frankrike. Han vart universitetsstipendiat i 1867, og professor i 1869.

Teorien som seinare vart kjent som masseverknadslova vart først presentert i Vitskapsselskapet i 1864, i skriftet Studier over Affiniteten. Seinare vart det publisert i revidert utgåve i 1867: Édtudes sur les affinités Chimiques, og etter at dei fekk internasjonal heider kom ein ny, utvida presentasjon i Journal für praktische Chemie 1979.

Guldberg var direktør for Hovedbanen 1878-83, redaktør for Polyteknisk tidsskrift 1863-73, medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1867 (og var preses og visespreses her 1872-1895), medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1870, riddar av St. Olavs Orden frå 1891 (kommandør frå 1896), æresdoktor ved Uppsala universitet 1877, riddar av Vasaordenen 1866, Dannebrogordenen 1872 og Nordstjerneordenen 1882.

Han var bror av diakonipioneren Cathinka Guldberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]