Cato den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marco Porcio Cato

Marcus Porcius Cato (Latin: M·PORCIVS·M·F·CATO) (234 f.Kr. - 149 f.Kr.) var ein romersk statsmann, ofte kalla «Censoren», Sapiens, Priscus, eller «Den eldre» for å skilje han frå Cato «Den yngre», som var oldebarnet hans.

Han var av ei gamal plebeiarfamilie, som var kjend for nokre militære embete, men ikkje kjend for høgare embete i republikken. Han blei oppdregen i tråd med sine latinske forfedrar, til landbruket, som han vigde tida si til, når han ikkje var i militæret. Men etter å ha lagt merke av Lucius Valerius Flaccus, blei han henta til Roma, der han kom til å ha alle embeta i Cursus Honorum: Tribun i 214 f.Kr., kvestor i 204 f.Kr., aedil i 199 f.Kr., pretor i 198 f.Kr., konsul i 195 f.Kr. saman med sin gamle patron Lucius Valerius Flaccus, og til slutt sensor i 184 f.Kr.

Cato den eldre er kjend for å ha avslutta sine talar i senatet med den berømte setninga Ceterum censeo Carthaginem esse delendam, som betyr «Dessutan meiner eg at Karthago bør øydeleggast».

Skriftlege verk[endre | endre wikiteksten]

  • Origines
  • De agri cultura
  • Orationes
  • De re militari
  • De lege ad pontifices auguresque spectanti
  • Praecepta ad filium
  • Historia Romana litteris magnis conscripta
  • Carmen de moribus
  • Apophthegmata

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Astin, A. E. (1978), Cato the Censor, Oxford: Clarendon Press
  • Dalby, Andrew (1998), Cato: On Farming, Totnes: Prospect Books, ISBN 0-907325-80-7
  • Goujard, R. (1975), Caton: De l'agriculture, Paris: Les Belles Lettres